
Program og info .pdf
Leif Egil Vatnøy og Divert Lahn- Johannessen inviterer til Intensivt Tangokurs ( helgekurs med overnatting mv) på vakre Haukøy 18 og 19 august.
Her er det første mann / kvinne til mølla.
Alle som har vore med på tangokursa i regi av Strilaringen der Divert Lahn-Johannessen og Leif Egil Vatnøy har instruert, veit at vi får inspirerande og god instruksjon. At ein i tillegg får med seg ei fin helg på Haukøy med overnatting, middag og dansekveld gjer dette til ei kjempefin oppleving.
Det er, når eg skriv dette, ikkje mykje som minnar om sommar ute - det regnar trollkjerringar!
Då er det godt å tenkja på fine dager saman i Irland og mimre litt med bilder og video frå turen. Bilder og video som vi skal bruke når vi skal lager dvd og fotobok frå turen. Her er det fint om DU som har tatt bilde/video kan sende kopi enten til meg eller Liv-Berit.
Liv-Berit er igang med å lage fotobøk frå årlege aktivitetar i laget. Ho har starta med bilder frå festivalen her heime i fjor. Første utgava/spesialutgave (10 eksemplar) hadde vi med oss til Irland som gåve til Aine og resten av gjengen som gjorde den fantastiske jobben med å organisere opplegget i Irland. Liv-Berit har også gjort klar ei bok som alle kan kjøpe frå festivalen i fjord. Boka er no klar til trykking. Alle som vil ha denne boka, kan gje melding om dette til Liv-Berit ( vi hengjer opp liste når vi startar øving til hausten).
Haustsesongen starter mandag 27.august. Det vert same opplegget som i fjor haust og med same instruktørgruppa. Detaljar/haustprogram vert lagt ut på heimesida så snart dette er klart.
Gler meg til å møta alle!
Fortsatt God Sommar!
Atle
Når vikingane er tilbake, kjem vi sjølvsagt på Irsk TV.
Det er fredag 6.juli og vi har no kome til Dublin og er godt innkvartert på Ballsbridge Hotell saman med Albatros. I morgon er det fridag og handledag. Søndag skal vi ha framsyning i Stephen´s Green midt i Dublin.
Så langt har vi hatt 4 fantastiske dagar saman med Albatros og ikkje minst Aina Odonnell og alle dei rundt henne som har gjort dette mogeleg. 
Vi har budd på Bracken Court Hotell i Balbriggen litt nord for Dublin.
Vi har vore på sightseeing og vorte kjent med heile distriktet.
Vi har hatt framsyning i Millbank Theatre i Rush med fulle hus. I tillegg har vi vore i Drogheda og hatt framsyning i sentrum av byen framfor kyrkja (bilda er tatt her).
I går kveld var vi invitert på fest saman med vertskapet og lokalbefolkingen i Rush. Ein ugløymeleg kveld med god mat, myke lokal og fin musikk og dans. Her møtte også igjen resten av spelegruppa som tok del på vår festival i fjord.
Då nærmar det seg avreise til Irland.
Frå tirsdag 3.juli og fram til 9.juli er Strilaringen og Albatros på tur til Irland.

Eg gler meg til å turen og til ei fin veke saman med alle!
Danseprogram og opplegg for sjølve turen kan du laste ned ved å klikke det inn på vedlegg.
Dublin-program-RevA.htm ( programmet er revidert)
| Ingen hendelser |