
Det ligg no ute revidert vårprogram, førebels Polenprogram og program for øvingshelga på Glesvær på medlemsida.
Detaljer om prosjektet vi skal ha saman med Slask, vert lagt ut på sida om kort tid.
Polenprosjektet
For deg som ikkje er medlem, kan vi opplyse at Strilaringen i år har eit felles prosjekt med dansegruppa Slask frå Polen gjennom Kulturrådet/ EØS-utvekslingsprosjekt. Vi reiser til Polen 24.mai ( retur 1.juni) og har der 3 framsyn saman med Slask. I august ( 13. - 23.august) kjem Slask til Noreg. Her skal vi har 7 felles framsyningar ( Bergen, Nordhordland, Førde, Voss, Fjell, Sunhordland og Gulatingen). Vi kjem tilbake med meir info om seinare.
Fredag dans på Lune Huler - sett av kveldane
21.mars og 25.april vert det pub-kveld med god dansemusikk på Lune Huler.
ÅRSMØTE
Mandag 20.januar har Strilaringen årsmøte. Ingen øving/dans denne kvelden.
Styret i Strilaringen ynskjer alle medlemar og venar av Strilaringen ei Gledeleg Jul og eit fredfullt Nyår.
Minnar samtidig om oppstart etter nyår måndag 6.januar og Årsmøte 20. januar. Frist for å koma med saker til årsmøtet er 13.januar.
Innkalling til årsmøtet finn du under medlemsnett.
Oddfrid, Bernt Henning, Harald Arne, Reidun, Dag Unnar

Skulle det bli for mykje julemat og kaker, skader det ikkje med ein svingom i romjula. Ervingen inviterer til Romjulsdans 28.desember. Plakat med meir info finn du ved å klikke på lenka.
Ps. Send melding pr sms til andre dersom DU skal. Då er det ofte lettare å koma ut av godstolen Ds

God Jul og vel møtt til første øving mandag 6.januar 2014
| Ingen hendelser |