toppgrafikk

Fyrste øvinga til Strilaringen var den 21. februar 1976. Det skjedde på Alversund Ungdomsskule. Initiativtakar og primus motor var Liv Furelid. Ho hadde med seg ein gjeng entusiastiske ungdommar frå Nordhordland. Målet med leikarringen var å ha det kjekt og halda i hevd dei norske folketradisjonen innan dans, musikk og song.
Strilaringen har hatt fleire dyktige spelemenn/-tauser opp gjennom åra. Instrumentet som har vorte nytta er Noregs nasjonalinstrument; hardingfela. Den har åtte strengar; fire overstrengar og fire understrengar. Desse gjev ein spesiell og nydeleg klang. Fela er flott dekorert med skjell og malte bordar. For 20-30 år sidan, vart hardingfela sett på som djevelens instrument, og det var derfor ikkje tillete å nytta fela i kyrkja. Den tida er no heldigvis forbi!
Strilaringen nyttar bunader i mest alle sine framsyningar, både i inn- og utland. Då medlemmane kjem frå ulike stader i Noreg, vert det også nytta bunader frå mange distrikt. 

Festivaler i utlandet og heime
Sidan oppstarten har Strilaringen delteke på mange festivaler i ulike land i Europa: Sverige, Finnland, Polen, Jugoslavia,  Italia, Latvia, Nederland, Tyskland, Skottland, Litauen, Belgia, Russland, Azorene/Portugal,  Irland, Austerrike, Danmark,  Hellas, Tjekkia og Island .
I nokre av dei nemnde europeiske landa har Strilaringen delteke på fleire festivalar: Polen(3),Tyskland(2), Skottland(2) og Austerrike(3). 3 gonger har me vore i andre verdsdelar: 1987/Tyrkia(den asiatiske delen), 2010/USA og 2019/Marokko. Alt i alt har Strilaringen - frå 1976 til dags dato - delteke på  28 festivalar i utlandet!
Sju gonger har Strilaringen arrangert internasjonal folkedansfestival i Nordhordland og har hatt gjestar frå: Austerrike(4), Sverige(2), Nederland, Italia, Latvia, Tyskland, Ungarn, Skottland(2), Kroatia og Jugoslavia, Litauen, Ukraina, Irland og Polen(2).

Sjå også kronologisk oppstilling (pr. 4.april 2019) av alle Festivalar Strilaringen har vore med på/arrangert

Sidan starten i 1976 er det mange  personar som har hatt eller har sentrale rollar i Strilaringen:

Leiarar Instruktørar Spelemenn/Speletauser

Liv Furelid (1976, initiativtakar og "sjef")
Svein Seljelid (1977/1982)
Norvald Syslak (1983/1985)
Oddrun E. Larsen (1986)
Sigurd Pedersen (1987)
John Magne Seljelid (1988/1990)
Eva M. Endresen (1991/1992)
Kari Klokkeide Sandvik (1993/1994)
Magnar Skrede (1995/1996)
Anne Mette Krøger (1997)
Marit-Christin Samuelsen (1998/1999)
Wibeke Hansen (2000)
Ingrid Orvall Aven(2001/2002)
Eli Langendoen (2003/2004)
Anne Mette Krøger (2005)
Lillian V.Mongstad (2006-2008)
Nils Kristian Øye (2009/2010)
Atle Utkilen (2011/2012)
Dag Unnar Mongstad (2013-2016)
Eli Langendoen (2017-    

Herman Olsen
Ivar Skjelvan
Leif Egil   Vatnøy
Tore Smedsund
Berit Zahl
Solveig Seljelid
Oddrun E. Larsen
Leif Egil Vatnøy
Bjarte Sæbø
Heidi Vabø
Liv Berit Vagstad
Endre Kleiveland
Lillian V. Mongstad

 

 

Olav Helland
Steffen Eide
Arvid Torsvik
Knut Olav Skrove
Jon Jelmert
Finn Vabø
Magnar Norli
Hilde Strømsnes
Åsviv Reigstad
Monica Anthun
Ottar Netteland
Ingvild K. Vevle
Ottar Netteland
Gro Vetås
Arve Berg




Kva skjer?

11 nov 2019;
@19:00 - @21:00
DANSEKVELD i KNARVIK m/Radøybæljen
18 nov 2019;
@17:30 -
FRAMSYNING på Ostertunet
25 nov 2019;
@17:30 -
FRAMSYNING på Manger sjukeheim
02 des 2019;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD

Facebook


Webløsning ©2013-17 Web Norge