Dette året reiste Strilaringen for fyrste gong til Afrika!! Målet var byen Marrakech i Marokko - for å ta del på festivalen "Marrakech folklore Days». 36 grupper var påmeld: 860 deltakarar frå 28 land/4 verdsdelar!
Lillian V. Mongstad var «dansande» instruktør. Musikarar var Gro Vetås og Arve Berg.
Hovudsenen, der me skulle ha framsyningar, var bygd opp sentralt i Gamlebyen, også kalla "medinaen". Det er ein stor open plass omkransa av labyrintliknande gater, gamle hus, synagogar og moskear med sine høge minaretar. Dette vart bygd av arabarar så langt attende som på 800-talet. I dei mange trange bakgatene var det tett av turistar og eit "hav" av salsboder/varer.
Sjå video frå "Jemaa el - Fnaa" (den store opne plassen i medinaen). Mellom danseøktene var me «vanlege» turistar i eit forunderleg og spanande land! Meir info i Reisebrev v/ Mai Silje Vabø (medl. i Strilaringen). Interessert i Historien til Strilaringen?