toppgrafikk

Strilaringen har lenge hatt ynskje om å reise til Sagaøya!
28. mai landa me på islansk jord: 22 dansarar og dei 3 felespelararane Ottar Netteland, Gro Vetås og Arve Berg. Heidi Vabø var fast instuktør denne sesongen, medan Lillian V. Mongstad hadde instruktøransvaret på Island. Fyrste del av turen budde me i Reykjavik. På førehand hadde me fått god kontakt med den Islandske folkedansgruppa Sporid. Andre dagen i Reykjavik tok dei oss med til heimeområdet sitt- byen Borgarfjordur. Her vart det fest, god mat, musikk og kjekk forbrødring i islansk og norsk folkedans med "futt ". Dagen etter hadde Strilaringen framsyning i Nordens hus i Reykjavik – stor stas!
I siste del av opphaldet skulle me ta del på VAKA-festivalen i byen Akureyri, lengre nord på øya. På bussturen fekk me kjempegod guiding ved 2 medlemmar i Sporid! Me vitja m.a. den historiske garden
Reykholt - der Snorre Sturlason budde det meste av livet sitt. I Akureyri møtte me Hans Egil Storheim.
Han var guide ein heil dag. M.a. vart det lauging i Myvatn(varmt kjeldevatn!). Me fekk sjå og læra mykje om denne delen av Island.

 




22 jan 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
29 jan 2024;
@19:00 - @21:00
Årsmøte i Strilaringen
12 feb 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
19 feb 2024;
@19:00 - @21:00
Dansing Manger Sjukeheim
26 feb 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
01 mar 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingshelg på Glesvær 1. - 3. mars
08 apr 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld

Webløsning ©2013-24 Web Norge