toppgrafikk

Dette året gjekk turen til Fergus Falls i Minnesota i USA. Me var 28 personar frå Strilaringen. Lillian var instruktør og spelemenn var Ottar og Gro. Strilaringen og Radøybæljen var invitert av Regionrådet Nordhordland til den årlege sumarfesten i vennskapsbyen Fergus Falls. Fyrste dagen var det høgtidleg mottakelese på M-state College. Me fekk innblikk i korleis utvandrarane frå Noreg har hatt det i USA. Me kjende oss heime frå fyrste stund - særleg pga. alle dei hjelpsame og gjestfrie folka me møtte. 
Det mest spesielle me opplevde var ein flott parade der mange ulike fritidsgrupper presenterte seg med ulik slags opptreden. Radøybæljen sat og spelte i ein flott pynta tilhengar og Strilaringen kom dansande etter! Ei anna rar oppleving var å få vera med på ein kjempestor lunsj med storband/dans - midt på ein lokal flyplass! Det var dekka til både inne i ein hangar og ute mellom fleire "parkerte" fly!
Å reise saman med Radøybæljen, lokale kunstnarar og handverkarar var svært positivt. Humørfylt gjeng som bidrog til god stemning på heile turen. Radøybæljen sikra i tillegg god dansemusikk!
Takk til Regionrådet som gjorde denne turen mogleg!




15 jan 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
22 jan 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
29 jan 2024;
@19:00 - @21:00
Årsmøte i Strilaringen
12 feb 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
19 feb 2024;
@19:00 - @21:00
Dansing Manger Sjukeheim
26 feb 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
01 mar 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingshelg på Glesvær 1. - 3. mars
08 apr 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld

Webløsning ©2013-24 Web Norge