Sumaren 2017 reiste Strilaringen på Festival til Tsjekkia i byen Praha. Det var 11. gong festivalen vart arrangert. Sjå heimesida til festivalen.
Me var 21 dansarar og to spelemenn, Ottar Netteland og Arve Berg. Heidi Vabø var fast instruktør dette året, medan Lillian V. Mongstad hadde instruktøransvaret i Praha. På førehand hadde det i periodar vore vanskeleg å få informasjon om sjølve festivaldagane, som var frå 20. juli til 23. juli. Strilaringen blei møtt på flyplassen av guiden Elena som jobba for PragueFolklore. Me fekk sjå fleire kjende byggverk i Praha. Ho tok oss også med på eit flott elvecruise på elva Vltava. No fekk me studere dei kjende bruene i Praha, m.a. Karlsbroen. På festivalen var det nytta fleire scener kring i byen. Me dansa på to av desse. Fleire av dansegruppene me såg i aksjon imponerte stort! Lørdag samla alle dei 55 dansegruppene seg til ein gigantisk parade gjennom gatene i Praha - med fleire "dansestopp" undervegs. Det var ei kjempeoppleving! Innimellom var det sett av god tid til å sjå Praha på eiga hand - flott by!    

01.jpg 03.jpg 04.jpg

05.jpg 06.jpg 07.jpg

08.jpg 09.jpg 11.jpg

12.jpg 13.jpg 14.jpg

15.jpg 16.jpg 17.jpg

18.jpg 19.jpg 20.jpg

22.jpg 23.jpg 24.jpg

25.jpg 26.jpg 27.jpg

28.jpg 29.jpg 30.jpg

31.jpg 32.jpg 33.jpg

34.jpg 35.jpg 36.jpg

37.jpg 38.jpg 39.jpg