toppgrafikk

Sumaren 2017 reiste Strilaringen på Festival til Tsjekkia i byen Praha. Det var 11. gong festivalen vart arrangert. Sjå heimesida til festivalen.
Me var 21 dansarar og to spelemenn, Ottar Netteland og Arve Berg. Heidi Vabø var fast instruktør dette året, medan Lillian V. Mongstad hadde instruktøransvaret i Praha. På førehand hadde det i periodar vore vanskeleg å få informasjon om sjølve festivaldagane, som var frå 20. juli til 23. juli. Strilaringen blei møtt på flyplassen av guiden Elena som jobba for PragueFolklore. Me fekk sjå fleire kjende byggverk i Praha. Ho tok oss også med på eit flott elvecruise på elva Vltava. No fekk me studere dei kjende bruene i Praha, m.a. Karlsbroen. På festivalen var det nytta fleire scener kring i byen. Me dansa på to av desse. Fleire av dansegruppene me såg i aksjon imponerte stort! Lørdag samla alle dei 55 dansegruppene seg til ein gigantisk parade gjennom gatene i Praha - med fleire "dansestopp" undervegs. Det var ei kjempeoppleving! Innimellom var det sett av god tid til og sjå Praha på eiga hand - flott by!    

 




Kva skjer?

25 nov 2019;
@17:30 -
FRAMSYNING på Manger sjukeheim
02 des 2019;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
09 des 2019;
@19:00 - @21:00
JULEAVSLUTNING

Facebook


Webløsning ©2013-17 Web Norge