21. august reiste Strilaringen til halvøya Lefkada/Hellas. Festivalen dette året heitte Lefkas International Folklore Festival og vart fyrste gong arrangert i 1962! Me var 19 dansarar og Gro Vetås og Arve Berg var med som speletaus/spelemann. Heidi Vabø var fast instruktør dette året, medan Lillian Vabø Mongstad hadde instruktøransvaret i Hellas. Sume av oss fekk overraskingar under vegs! Musikarane våre vart trekte med i  "eit spelemannslag". Lillian og Dag Unnar Mongstad vart også "lurt". I lag med repr. frå alle dansesgruppene og "spelemannslaget" skulle det øvast inn eit felles program til opninga og avslutninga av festivalen. Sorbas dans var del av opplegget! Dei hadde ei stor og flott utescene. Men, både scena og der publikum skulle sitje "mangla" det tak. Det gjekk heilt fint - kveld etter kveld! Pga. mange varmegrader byrja ingen framsyningar før 20.00! På dagtid vart det difor bading og soling på flotte strender! Leigesykkel var eit greit framkomstmiddel! Festivalnemnda hadde laga eit trygt og godt opplegg.

a.jpg b1.jpg c1.jpg

d1.jpg e1.jpg f.jpg

g1.jpg h.jpg i1.jpg

j.jpg k1.jpg l.jpg

m.jpg n.jpg o.jpg

p.jpg r.jpg s.jpg

t.jpg u.jpg v.jpg

w1.jpg x.jpg