Etter at Strilaringen hadde vore i Polen i mai 2014, var neste del av prosjektet at SLASK vitja Noreg 17. - 27. august. Begge gruppene nytta omlag dei same danseprogramma som vart synt i Polen, men Strilaringen hadde redusert famføringa si til mellom 25 og 30 minutt. Det var med 28 dansarar og 3 spelemenn: Arve Berg, Ottar Netteland og Gro Vetås. Me gjennomførte programma våre på 7 ulike stader i Hordaland og Sogn og Fjordane: Nordhordland Folkehøgskule Frekhaug, Oseania Os, Kulturhuset på Voss, Cornerteateret Bergen, Førdehuset, Stord kulturhus og Fedje. Tilbakemeldingane frå publikum var klart positive, og superlativa sat laust. SLASK hadde 2 «workshops» i Gimle med polske folkedansar. På bussreisene mellom dei ulike stadane me hadde framsyningar, var polakkane tydleg imponert (nesten mållause!) over fjellanskapet i vår region av Noreg. Fedje - "ei øy ute i havet med med både folk og hus!" - vekte også stor fasinasjon! Turen med den gamle fjordabåten "Atløy" - i kveldsola på byfjorden - vart ei stor fellesoppleving for SLASK og Strilaringen! Sjå også biletmappa "2014 Strilaringen i Polen" .
https://www.strilaringen.no/bildegallerier/354-2014-slask-i-norge#sigProId4a79dfcc75