toppgrafikk

I 2012 tok den polske folkedansgruppa SLASK kontakt med Strilaringen og spurde om me kunne samarbeida i eit EØS-prosjekt. SLASK er ei nasjonal, profesjonell dansegruppes, med 250 tilsette! Strilaringen takka ja! - ei rimleg modig avgjerdsle! !  Det vart mykje planlegging og samarbeid med den polske gruppa. Dei fekk støtte frå "EØS kulturutvekslingsprosjekt", det dekka alle direkte utgifter i samband med gjennomføringa av prosjektet sumaren 2014 - både i Polen og Noreg! Opphaldet i Polen varte frå 25. mai til 1. juni. Me hadde 3 framsyningar saman med SLASK. Endre Kleiveland og Liv Berit Vagstad delte instruktørjobben dette året. Det vart m.a. øvd inn "rafinerte" overgangar mellom dansane me brukte i "Polenprogrammet". Me var 28 dansarar og Arve Berg, Ottar Netteland og Gro Vetås spelte på felene sine! Nokre medl. i Strilaringen leia  ein "workshop" der polakkane lærte norske folkedansar. SLASK hadde laga eit flott opplegg der Strilaringen vart skyssa rundt i kring og fekk sjå fleire imponerande attraksjonar. Sjå også biletmappa "2014 SLASK i Noreg".









29 jan 2024;
@19:00 - @21:00
Årsmøte i Strilaringen
12 feb 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
19 feb 2024;
@19:00 - @21:00
Dansing Manger Sjukeheim
26 feb 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
01 mar 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingshelg på Glesvær 1. - 3. mars
08 apr 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld

Webløsning ©2013-24 Web Norge