Lørdag 8.oktober 2016 var det stor og verdig jubileumsfest for Strilaringen sine 40 år som aktiv folkedansgruppe, både i Noreg og utlandet.
Festen gjekk føre seg på Hundvin, i ungdomshuset Dalheim. Strilaringen hadde ei flott Jubileumsframsyning der det m.a. veksla mellom framsyning("live") på scena og videosnuttar/bilete frå ulike tidsepokar i Strilaringen sin historie. Dette kunne festlyden sjå på 2 storskjermar på kvar side av sceneopninga. 
Her var det god mat, festtalar og helsingar, m.a. frå ordførarane Jon Askeland(Radøy) og Astrid Aarhus Byrknes(Lindås). 
13 (av i alt 18) leiarar  i Strilaringen opp gjennom åra var til stades på festen! I eit eige innslag vart desse og Liv Furelid- iniativtakar og primus motor for Strilaringen det fyrste året - kalla fram og heidra og takka for vel utført arbeid
Festleiaren, Øyvind Feste, losa det heile fint i hamn med godt humør og rutinert styring, m.a.  hadde han eit flott intervju med med fyrste ordinære leiar  for Strilaringen: Svein Seljelid!      Her finn du meir om Strilaringen sin historie
Så var det marsj - trur mest alle i salen var med då dei 3 felespelarane våre - suplert av 2 tidlegare trufaste felespelarar - drog igang felene sine! Deretter tok eit storband over med allsidig og god dansemusikk til langt på kveld/natt!

20161008_192429.jpg 20161008_192440_001.jpg 20161008_215051red.jpg

20161008_215057.jpg 20161008_215101.jpg 20161008_215559.jpg

20161008_222529.jpg PA080037.jpg PA080039.jpg

PA080040.jpg PA080043.jpg PA080044.jpg

PA080045.jpg PA080047.jpg PA080048.jpg