Lørdag 8.oktober 2016 var det stor og verdig jubileumsfest for Strilaringen sine 40 år som aktiv folkedansgruppe, både i Noreg og utlandet.
Festen gjekk føre seg på Hundvin, i ungdomshuset Dalheim. Strilaringen hadde ei flott Jubileumsframsyning der det m.a. veksla mellom framsyning("live") på scena og videosnuttar/bilete frå ulike tidsepokar i Strilaringen sin historie. Dette kunne festlyden sjå på 2 storskjermar på kvar side av sceneopninga.
Her var det god mat, festtalar og helsingar, m.a. frå ordførarane Jon Askeland(Radøy) og Astrid Aarhus Byrknes(Lindås).
13 (av i alt 18) leiarar i Strilaringen opp gjennom åra var til stades på festen! I eit eige innslag vart desse og Liv Furelid- iniativtakar og primus motor for Strilaringen det fyrste året - kalla fram og heidra og takka for vel utført arbeid.
Festleiaren, Øyvind Feste, losa det heile fint i hamn med godt humør og rutinert styring, m.a. hadde han eit flott intervju med med fyrste ordinære leiar for Strilaringen: Svein Seljelid! Her finn du meir om Strilaringen sin historie.
Så var det marsj - trur mest alle i salen var med då dei 3 felespelarane våre - suplert av 2 tidlegare trufaste felespelarar - drog igang felene sine! Deretter tok eit storband over med allsidig og god dansemusikk til langt på kveld/natt!
https://www.strilaringen.no/bildegallerier/351-2016-strilaringen-fylde-40-ar#sigProId41be105aa7