toppgrafikk

Etter at EU-prosjektet saman med Polen var avslutta i 2014, innvitert SLASK oss attende til Polen - til deira årlege sommarfest! I SLASK er det omlag 250 tilsette. Det er dansegruppe, kor, orkester, teknisk stab og aministrasjon. Dei ville at me også skulle få oppleva dansegruppa saman med koret og orkesteret. Og slik vart det – nye fantastiske opplevingar i Polen dei 6 siste dagane i juni! Turen gjekk først til Krakow, med «sightseeing» og hyggeleg samvær. Då det nærma seg helg, reiste me nordover for å ta del på sumarfesten. Fredag og laurdag var det ulike aktivitetar / framsyningar, både dans og sang i «Slottsgarden» til Slask. Søndag var «den store dagen»; då fekk me sjå Slask i ei utruleg flott danseforestilling, med kor og orkester! Men, før det hadde Strilaringen si framsyning. Heidi Vabø og Liv Berit Vagstad delte instuktøransvaret dette året og Endre Kleiveland hadde "assistert" i høve til sjølve danseprogrammet. M.a blanding av sving og springar og langdans! Me var 23 dansarar og Arve Berg var spelemann. Framsyninga  vart godt motteken av eit stort publikum i slottsgarden til SLASK! Dagen etter var det attende til Krakow og heimreise tysdag 30.juni. 

 




15 jan 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
22 jan 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
29 jan 2024;
@19:00 - @21:00
Årsmøte i Strilaringen
12 feb 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
19 feb 2024;
@19:00 - @21:00
Dansing Manger Sjukeheim
26 feb 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
01 mar 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingshelg på Glesvær 1. - 3. mars
08 apr 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld

Webløsning ©2013-24 Web Norge