toppgrafikk

Mange i Strilaringen vil nok meine at  Azorene er det mest eksotiske reisemål/festival me har delteke på! 34 nordmenn var med. Leif Egil Vatnøy var  instruktør og Gro Vetås og Arve Berg var spelemenn. Opningsseremonien med opptog i hovudgata og masse publikum, sette standarden. Folk hadde dekorert balkongane med fargerike teppe, og det var ei fantastisk stemning. I løpet av veka var det mange fine framsyningar ulike stader på øya Terceira. Bu-forholda til festivaldeltakarane var så som så. . .  Det var innkvartering på sovesalar(klasserom) på ein skule, der me måtte dela bad og toalett med 200 andre. Festivalveka baud elles på mange fine turar og opplevingar. Mellom anna såg me tyrefekting, me bada på vulkanstrand og me besøkte varme kjelder. Avslutningaframsyninga på ein fullsett tyrefektararena var toppen av kransekaka. Alle dei deltakande gruppene viste sine program. I tillegg representerte Leif Egil Vatnøy og Oddrun E. Larsen Strilaringen i eit fantastisk fellesnummer for alle deltakargruppene.  




29 jan 2024;
@19:00 - @21:00
Årsmøte i Strilaringen
12 feb 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
19 feb 2024;
@19:00 - @21:00
Dansing Manger Sjukeheim
26 feb 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
01 mar 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingshelg på Glesvær 1. - 3. mars
08 apr 2024;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld

Webløsning ©2013-24 Web Norge