toppgrafikk

Dette året var me bedne til Vilnius(5. -11. juli) av den litauiske dansegruppa Dijuta. Dei 3 baltiske landa skiftar om å vera vertar for den årlege Baltikafestivalen. Nokre dagar tok me del på lokale dansearr. i utkanten av Vilnius. Elles var framsyningane ulike stader i sjølve Vilnius OG i ein stor flott park med fleire gode scener. Leif Egil Vatnøy var både dansar og instruktør. Med han var me 23 dansarar. Spelemann og speletaus: Ottar Netteland og GroVetås!
Ein dag vart 2 repr. frå kvar av dei mange dansegruppene invitert – av sjølvaste Presidenten i Litauen - til høgtidleg mottagelse på "palasset". For dei som fekk representera dansegruppa si, vart dette eit minne for livet! 
Alle gruppene skulle ta med typisk mat og eksempel på husflidsvarer frå eige land. Dette skulle "presenterast" på marknad i parken. Kledd i "strileklede" serverte Strilaringen smaksprøvar med laks, fenalår, flatbrød og akevitt + synte fram typisk norske strikke- og syarbeid. Mykje folk og kjempestemning!




Ingen hendelser

Webløsning ©2013-24 Web Norge