Dette året reiste Strilaringen - med omlag 18 dansarar - til Odoorn, nordaust i Nederland. Her har SIVO-festivalen vorte arrangert kvart år sidan 1984 - eit stort opplegg over 5 dagar med omlag 20(?) grupper frå fleire verdsdelar. Dette var siste gong (førebels?) ringen reiste med buss nedover i Europa - langdrygt, men også sosialt! Thoralf Saue var trygg sjåfør og Eli Langendoen var leiar (Strilaringen) og reiseguide. Oddrun E. Larsen var både instruktør og dansar. Spelemann/speletaus: Ottar Netteland og Ingvild K Vevle!
Kring i byen var det montert mange scener. Eit kjekt festivalmiljø både ved framsyningar og elles! Ein dag var fleire av gruppene bedne i den lokale kyrkja, i nasjonaldrakter/dansekostymer. Det vart ei særs spesiell og "sterk" oppleving då nokre av gruppene framførte dansar/sangar frå heimlandet sitt!