toppgrafikk

Etter en lengre periode utan fast instruktør, har me no vore så heldige at me har fått instruktør både i dans og i songdansar.

Det er Heidi Vabø som skal instruere i dans. Med seg har ho Bjarte Sæbø.

Liv Berit Vagstad har ansvaret for songdanser.

Programmet for hausten vil verta lagt ut på heimesida i slutten av august og presentert på eit kaffimøte tidleg på hausten.

Det er førebels planlagt at ein har eit spesialkurs i ein dans - tilsvarande som parhalling/ pols. Her er ein open for forslag dersom nokon har ynskje.

Det er også lagt opp til 2 dansekveldar i løpet av hausten.

Me gler oss til ein hausten!

ps

Me vil nytte høve til å takke programnemda som tok ansvaret for instruksjonen i vårhalvåret.

ds

 -----------------------------------------------------------------

Informasjon om aktivitet, øving, kurs og framsyningar ligg no ute på heimesida til venstre side. Klikker ein seg inn på aktuell dag, finn ein også nærmare info.

I løpet av hausten vil blestnemnda gå gjennom det me har av bilder. Bilda vil bli sortert årvis og deretter lagt ut. Me vil i forkant anmode alle om å sjå gjennom det som er av bilder. Dersom det skulle vera bilder ein ikkje ynskjer skal ligge ute på heimesida, er det berre å seia frå og me vil fjerne bilde.

Me vil også forsøkje å få trykt opp årsalbum - fotoalbum som den enkelte kan få kjøpt.

 

 

 








Kva skjer?

25 nov 2019;
@17:30 -
FRAMSYNING på Manger sjukeheim
02 des 2019;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
09 des 2019;
@19:00 - @21:00
JULEAVSLUTNING

Facebook


Webløsning ©2013-17 Web Norge