Fredag 16.september kl 1930 er det mimrekveld på ungdomshuset på Natås etter Folklore Festival Nordhordland.
Her vert det glimt frå festivalveka både bilder og film, felles matauke (me tar sjølve med) og sjølvsagt song og dans.
For meir info, så vedlagt program.
Mandag 29.august starter vi opp haustsesongen. Vi har øving på Dalheim ( Hundvin) frå kl 19 - 21.
Vi ynskjer nye og gamle medlemmar vel møtt!
( bildet er frå avsluttinga av festivalen i sommar på Utvandringssenteret på Sletta)
Det er DU som har gjort denne festivalveka til ein fantastiske opplevinga.
Takk til festivalkomiteen for god organisering!
Takk til alle nemdene som har stått på og bidratt til at alt har fungert!
Ei spesiell takk til alle som har vore vertsfamilier under festivalen!
Atle
Då er det berre å gle seg til ei festfylt veke med myke god underhaldning.
Tirsdag 28.juni kl 1600 har me oppvarming med framsyning i Knarvik Senter. Ca kl 1715 går me i prosisjon opp til Nordhordlandshallen. Kom og vær med og opplev festivalstemning eller still opp langs vegen.
Dei som set av kvelden vil få oppleve mykje god og variert musikk og dans.
Statssekreter Lubna Jaffery frå Kulturdepartementet vil foreta den offisielle opninga av festivalen ca kl 18. Detter er det underhaldning av alle gruppen under festivalen. Irsk og Ukrainsk folkedans blanda saman med norsk bygdedans og eit variert songprogram.
Då er vi endeleg i gang med oppvarming til festivalen. I dag hadde me pressekonferanse i Knarvik Senter der både Albatros og Strilaringen hadde framføring.
Me startar tysdag 28.juni. Gå ikkje glipp av den offisielle opninga i Nordhordlandshallen.
Tysdag 28.juni |
|
Kl 16 |
Framsyning Knarvik senter |
Kl 1715 |
Prosisjon frå Knarvik senter til Nordhordlandshallen |
Kl 1800 |
Offisiell opning i Nordhordlandshallen |
Folklore Festival Nordhordland 2011 - PROGRAM
Last ned heile programmet. Ynskjer du å sjå video av en av gruppen er det berre å klikke seg inn på link:
Det nærmar seg festival. I dag er det berre 11 veker til festivalen starter den 28.juni. Programmet og kven som kjem er ikkje endeleg avklart og me kan derfor ikkje leggja det ut. Eg kan røpa at det eg har sett av førebels program og aktuelle grupper, er spanande og eg gler meg til festivalveka.
I tida framover må alle vera førebudd på å yta litt ekstra. Det er eit stort arrangement og det er mykje som skal på plass. Eg vonar derfor at alle er positive til å bidra dersom ein vert spurd.
Under festivalen skal me framføre eige program som må øvast inn. Det minkar på øvingskveldar og det er derfor viktig at alle kjem på øvingane framover.
Etter mykje fram og tilbake har med no falle ned på mandag 13.juni ( 2.pinsedag) som øvingsdag før festivalen. Her vonar eg at alle kan ta del slik at me få finpusse programmet før festivalen.Tangokurs er utsett til hausten - Me hadde planlagt tangokurs siste helga i april. Dette må dessverre utgå. Kurset vert sett opp til hausten.
Eg nyttar høve til å ynskje alle ei fin påskehelg!
Atle Utkilen
Mandag førskomande er det dansekveld - ikkje vanleg øving.Radøybelgen kjem og spelar. Ta gjerne med vener til ein kosleg dansekveld.
Dans vert det også laurdag 19.mars. Då arrangerer festivalkomiteen i Strilaringen og Albatros - Venners vennersfest. Her vert det både mat, underhaldning og dans til gruppa Rex. Er du intressert i å vera med, må du ta kontakt med nokon i Strilaringen eller Albatross. Inntektene frå festen går til festivalen.
Same helga 18 -20.mars er det Dansesamling på Lindås ungdomsskule i regi av BUL Ervingen for ungdom frå 10 år og oppover. Vonar at alle er med på å informere om dette tilbodet. Trur dette vert ei inspirerande helg for alle som vert med. Nærmare info om arrangementet finn ein til venstre under Det skjer?
Programnemda er no godt igang med å sette opp liste over danser og songdanser me skal ha fokus på fram til festivalen. Planen er at me skal få kopiert opp ei songbok til alle (skal hugse skriftsstorleik Solveig). Framover våren vil me "spisse" øvingane mot festivalprogrammet. Danser og songer som me må øve ekstra på er det viktig at den enkelte også tar litt ansvar for. Det er også viktig at ein gir tilbakemelding dersom ein ynskjer ekstra øving på songer eller dansar slik at alle er trygge når festivalen startar. Her kan me, som enkelt alt no gjer, ha ekstra øving frå kl 18 -19.
Tirsdag 8.mars har styret styremøte. Kom gjerne med innspel til saker me skal ta opp.
Takk for ei fin helg saman både fagleg og sosialt.
Ei fin helg som gav ny inspirasjon og ny lærdom til dei fleste.
Den hadde fokus på kroppshaldning og rytme i dansen. Leif Egil fekk oss på ein fin måte til å forstå kor viktig tema er for alle. Det er viktig at alle har fokus på dette under øvingar framover.
Ei helg går fort og ein rekk ikkje å øve på alt. Sangøving var eit område som me ikkje fekk jobba med. Dette vonar eg at me får tatt tak i på øvingar og særleg dei mandagane Leif Egil skal instruere (neste gong Leif Egil kjem er 21.mars).
Takk til Ottar, Arve og Gro. Godt å ha med gode felespelarar.
Særleg takk til alle som hadde ansvar for aktiviteter og organiseringa av helga.
Vel møtt til polskurs i morgon kveld!
Atle
Ingen hendelser |