Vedlagt finn ein haustprogrammet til Strilaringen. Det vil verta lagt ut meir detaljer etter kvart som dette er klart.
Her er Roland og Magnus Kongen
I sumar har Strilaringen deltatt og dansa på Torgdagen, dansa under sumaråpent på Fedje og dansa på Lindås byggje ved opninga av Kystkulturdagane.
Hausten vert også aktiv og spanande for alle som vil vera med og det vonar vi er mange. Vi skal førebu oss til eit kullturutvekslingsprosjekt mellom Polen og Noreg saman med “Śląsk” (ei profesjonell song og danse gruppe frå Polen).
Les mer: Stor aktivitet i Strilaringen i sumar. Neste år vert det meir.
Frå Azorene.
Vi har no endeleg fått oppgradert heimesida til Strilaringen. Den nye sida er meir tilpassa vårt bruk og er også lettare å redigere.
I tillegg til dette vert det ei eiga medlemsside. Denne er berre for medlemmar og alle som er medlem, får tilsendt passord.
I tida framover vil vi det fortsatt liggja litt gammalt stoff under dei enkelte fanene. I tillegg kan det vera at vi må gjera litt utprøving/ testing.
Det er no opp til DEG å koma med innspel på kva du ynskjer vi skal leggja ut av informasjon både det som skjer lokalt og det som kan vera av intresse for våre medlemmar.
Juniorsamling 1.-3. november 2013
Osterøy spel- og dansarlag og Nordhordland spel- og dansarlag skipar til Juniorsamling for hardingfelespelarar i Hordaland, helga 01.-03.november 2013.
Stad: Haus skule, på Osterøy
Tid: 01.-03.november
Avsluttingskonsert for foreldre m.fl.: Søndag kl. 13.30 – 14.30
Oppmøte: Fredag kl. 18.30
Pris (ta med på samlinga): 300,- for medl. av spelemannslag/FolkOrg
350,- for andre.
Påmelding innan: 27. oktober
Barna vert delt i grupper, etter nivå, der dei mellom anna vil lære nye slåttar, samspel og speleteknikk. Det vert grupper for dei som akkurat har starta å spela, og grupper for dei som har spelt så lenge dei kan hugsa!
I løpet av helga vil det også verte tid til mykje sosialt – samspel, leik og dans.
Ta med instrument, liggeunderlag, sovepose og toalettsaker.
Søndagen vert det avsluttingskonsert kl. 13.30, der me håpar flest mogleg vil koma å høyra kva me har jobba med denne helga.
For at denne helga skal gå ganske så knirkefritt, og at me skal oppnå målet om å skape eit miljø blant barna, samt at det ikkje skal verta for dyrt å vere med på samlinga, er me avhengig av hjelp frå foreldra, når det gjeld nattevakt/brannvakt. Håpar at nokon av foreldra kan stilla opp og hjelpa til med dette!
Gje ein lyd om du som forelder / føresett kan vere med vera nattevakt i løpet av helga. Me er avhengig av at nokon kan ta på seg denne jobben!
Har du spørsmål? Eller vil melde deg på?
Ring til Hilde:
eller Gro:
Hugs å oppgje namn, alder, kor lenge du har spelt, og om du har nokre allergiar, sjukdommar eller anna me treng å vita om.
Beste helsing Hilde og Gro
Her vil vi legge ut info om haustprogrammet.
Vi står foran eit spanande år.
Da er det tid for å hente fram danseskoa. Vi startar haustsesongen med dansekveld mandag 26.august kl 19 på Dalheim på Hundvin. Her er det berre å ta med godt humør og danselyst.
Gå ikkje glipp av denne kvelden.
Radøybelgen kjem og spelar.
Ta derfor med godt humør, danselyst, gode vener + dansesko.
SETT OGSÅ AV LAURDAG 19.JANUAR
Hugs også å sette av laurdag 19.januar 2013. Då vert det venners venners fest med god dansemusikk, litt underhaldning og noko å bita i.
Har du dansa litt før eller dette er førstegongen, er det berre å koma. Du lærer reinlender, springar, vals og polka.
Kurset startar laurdag 10.november frå kl 11- 16 ( på Lindås Barneskule). I tillegg har me oppfølgingskurs måndag 12.november og måndag 19.nov på Dalheim på Hundvin frå kl 18 - 19.
Her er det berre å koma. Manglar du dansepartnar, ordnar me.
Laurdagen bør du ta med matpakke. Me ordnar kaffi og te. Brus får du kjøpa.
Harald Arne Veisdal og Margrethe Veisdal instruerar på kurset.
Fint dersom du melder deg på innan 2.novmeber til
Oddfrid Hole - Epost:
Atle Utkilen Epost:
Pris berre kr 150.
På kurset spelar Nordhordland spel- og dansarlag.
Nordbygda ungdomslag inviterer til "Sundagsdans" førstkomande søndag 21.oktober kl 18 i Nordbygda grendahus (Samnanger).
Flott dansemusikk av Sabningane.
Meir info - sjå vedlagt plakat.
Kanskje vi skal koma oss ut av godstolen
Ingen hendelser |