Det ligg no ute revidert vårprogram, førebels Polenprogram og program for øvingshelga på Glesvær på medlemsida.
Detaljer om prosjektet vi skal ha saman med Slask, vert lagt ut på sida om kort tid.
Polenprosjektet
For deg som ikkje er medlem, kan vi opplyse at Strilaringen i år har eit felles prosjekt med dansegruppa Slask frå Polen gjennom Kulturrådet/ EØS-utvekslingsprosjekt. Vi reiser til Polen 24.mai ( retur 1.juni) og har der 3 framsyn saman med Slask. I august ( 13. - 23.august) kjem Slask til Noreg. Her skal vi har 7 felles framsyningar ( Bergen, Nordhordland, Førde, Voss, Fjell, Sunhordland og Gulatingen). Vi kjem tilbake med meir info om seinare.
Fredag dans på Lune Huler - sett av kveldane
21.mars og 25.april vert det pub-kveld med god dansemusikk på Lune Huler.
Styret i Strilaringen ynskjer alle medlemar og venar av Strilaringen ei Gledeleg Jul og eit fredfullt Nyår.
Minnar samtidig om oppstart etter nyår måndag 6.januar og Årsmøte 20. januar. Frist for å koma med saker til årsmøtet er 13.januar.
Innkalling til årsmøtet finn du under medlemsnett.
Oddfrid, Bernt Henning, Harald Arne, Reidun, Dag Unnar
Skulle det bli for mykje julemat og kaker, skader det ikkje med ein svingom i romjula. Ervingen inviterer til Romjulsdans 28.desember. Plakat med meir info finn du ved å klikke på lenka.
Ps. Send melding pr sms til andre dersom DU skal. Då er det ofte lettare å koma ut av godstolen Ds
God Jul og vel møtt til første øving mandag 6.januar 2014
(last opp invitasjon) Venners-venners-invitasjon-1-februar2014.pdf
Laurdag 1.februar 2014 ynskjer vi på nytt å samle danseglade vener til venners-venne-fest på Dalheim (Hundvin).
Vi ynskjer å invitere alle som er glad i å danse. Om du likar gamaldans, swing eller andre danseformer trur vi at dansefoten vil kribla etter å koma seg på golvet denne kvelden. Når du i tillegg både får god mat og møter mange positive og danseglade kjente og ukjente, er det berre å setja av kvelden og melde seg på.
Det er Rune Rydland som har hovedansvaret for musikken.
Vi startar kl 1900. Då serverer vi gryterett. Frå ca kl 2000 og utover kvelden vert det dans. Ca kl 2200 vert det servert kaffi og kaker. Deretter vert det dans fram til ca kl 0100.
Det er open bar der ein kan kjøpa mineralvatn, øl og vin heile kvelden.
Pris inkl middag kr 300 pr person.
Vi vonar at DU vil koma denne kvelden.
Meld deg på til den som sender invitasjonen eller til:
Reidun Dyrnes tlf 413 07 057 - epost:
Randi Sjøholt Utkilen tlf 41673707 epost:
Pga matservering / skjenkeløyve er påmelding bindande.
Laurdag 1.februar 2014 hadde vi planlagt venners-venne-fest på Dalheim.
Dessverre har det vist seg vanskeleg å få nok påmeldt.
Dette pga at det same kvelden var mange andre arrangement.
Vi lovar å koma sterkt tilbake med ny fest.
Til alle medlemmer - Ikkje gløm å melde deg på til øvingshelger og Polen-prosjektet.
Siste frist for påmelding til Polen er 2.12.2013. Det er særs viktig at alle som skal vera med til Polen også kjem på øvingar og på øvingshelger
(Du finn meir info finn under medlemsnettet).
- ØVINGSHELG 23.-24.NOVEMBER
- ØVINGSHELG GLESVÆR 7.-9.mars.
- PÅMELDING TIL POLEN 24-05.-01.06.14
NB! Vi minner om at vi frå no av legg ut interne meldingar på medlemsnettet. Register deg og få tilgang.
Folkedanslaget i Bergen Ungdomslag Ervingen inviterer til haustfest i Gimle 23. november.
( Til alle i Strilaringsmedlemer: Husk at dette er helga vi har øvingshelg)
Her kan du laste ned pdf med direkte påmelding
.pdf
Det hadde vore stor stas om det dukka opp medlemar frå fleire ringar! Sjå vedlagte plakat for meir info, eller ta kontakt med kontoret på epost eller telefon 47664785.
Velkomne skal de vera!
Beste helsing
Bergen Ungdomslag Ervingen
Mandag førstkomande 23.september er det dansekveld. 2-3 spelemenn kjem og spelar. I tillegg kjem vår nye instruktør Endre og helsar på oss og fortel litt om opplegget for øvingane framover. Det vert også informasjon om Polenprosjektet.
Ta med godt humør og danselyst.
Kjem DU?
Ingen hendelser |