toppgrafikk

     Stad /tid:        ”Dalheim”/Hundvin / ca. kl. 20.00

     Til stades:      20 medl.                            
 

USA-2005?     Orientering ved nemda for ”USA- 2005?

Nils K. orienterte om INFO ein finn i eit skriv som nemda har laga. Dette ligg på www.strilaringen.org . Vidare vart det orientert om ev. opphald og at innkvartering truleg vert privat. Elles hadde nemda gjort seg ein del tankar i høve til at sikkert fleire av dei som reiser, ynskjer ei -  ev. to veker utover sjølve festivalen/ Norsk haustfest i Minot .

Det er viktig at dei som vurderer å vera med:

  • tek kontakt om dei lurar på noko.
  • har bunad(ev. låna/leige om dei ikkje har sjølv.)
  • tidleg –helst før sumarferien – melder frå om ein vurderer ei el. to veker i USA etter festivalen, og om ein har ynskje om spes. reisemål.

 

Oppvisning på Åsane Folkehøgskule 22.05.04
Leiaren opplyste at Strilaringen har sagt ja til ei danseoppvisning på Åsane  Folkehøgskule 22.mai.(Me nyttar ”vårprogrammet for 2004”) Det må vera minst 8 par.(bunad!)
 

Strilaringen skal vera med på TORGDAGEN 12.06.04
Para som tek del her, må vera kledd  i ”gamle, bondske strilaklede”! Meir IINFO seinare- m.a. laga til STAND(?)
 

Det vert BLÅTUR 26.juni … set av denne datoen!
Meir INFO frå Blåturnemnda seinare.

 

Forslag til statuttar for FOLKEDANSFONDET
Mikal K. hadde utarbeida nytt forslag til statuttar for FOLKEDANSFONDET. Medl. som var tilstades fekk kopi av desse. Mikal vil også dela ut forslag til dei som møter på øving neste gong.

Frist: Dersom nokon av medl. har kommentarar og/eller forslag til endringar/tillegg, melder ein frå om dette til Mikal innan utgangen av mai-04. Deretter vil styret handsama saka og leggje fram endeleg forslag til nye statuttar på eit kaffimøte/medlemsmøte til hausten.

 

Manger, 05.05.04                                        

Øyvind  Aksnes                            
    - skrivar -




Ingen hendelser

Webløsning ©2013-24 Web Norge