toppgrafikk

Vi takker alle som tok del under festivalen, vertsfamilier, medlemmer og sponsorarDSC_1108_resize

- Takk for at Dykk gjord det mogeleg å gjennomføra festivalen.

__________________________________________________________________

I 2012 er det planlagt tur til Irland - 4.-8. juli

_________________________________________________________

Sangkoret Albatross og dansegruppa Strilaringen skal i tida 27. juni til 03. juli 2011 avvikla internasjonal folklorefestival i Nordhordland.  

Strilaringen skipa til sin fyrste folkedansfestival i Nordhordland i 1979. I ettertid har det vore avvikla 5 slike festivalar, den siste i 2006. Til festivalen i 2011 har me fått sangkoret Albatross med som arrangør. Saman skal me invitera 1 kor og 2 dansegrupper som driv med sin nasjon sin folke- sang, musikk og dans. Me har allereie kontakt med kor og dansegrupper, men me har ikkje kome så langt at me kan gå ut med kva land dei kjem frå enno.

Vår plan er at me i løpet av desse dagane skal vitja alle komunane i Nordhordland samt Bergen og syna fram internasjonal kultur. Me vonar at dette vil falla i god smak og at me vil få godt med publikum på framsyningane. No arbeidar me med å skaffa økonomi til å dekka kostnadane med arangementet og me vonar på god støtte frå det offentlege, næringslivet samt frå einskild personar.




Ingen hendelser

Webløsning ©2013-24 Web Norge