toppgrafikk

     Stad /tid:        ”Dalheim”/Hundvin / ca. kl. 20.00

     Til stades:      26 medl.   
   
                     

* Opptreden i Bergen/samarbeid med Bergen Folklore
- Strilaringen hadde inntekter på om lag kr. 6000 for dei to danseoppvisningane ein hadde for Bergen Folklore  sumaren 2006.
- Leiar spurde om ringmedl. var villige til å ta liknande oppgåver sumaren 2006, dersom me får spørsmål om det. Etter litt drøfting kom ein fram til at det var rimleg å seie ja til eit liknande oppdrag som me hadde denne sumaren.

 

* Orientering/drøfting om 30-års markering for Strilaringen

- Nemda har bestemt at jubileumet skal vera  11. mars 2006.

- Vidare orienterte ein om programmet ein har tenkt seg –så langt. Ein  vil invitere alle tidlegare og noverande medl. Ein tenkjer seg ein pris på omlag kr.300,- pr. person.(Med 100 personar vil rekneskapet gå i ballanse)

- Nemda/medl.møtet yngste at styret vurderer kven som skal få ein spesiell invitasjon (og at styret betaler billettprisen for desse) og at Strilaringen sin kasse kan belastast dersom rekneskapet for festen går i minus.
Innbyding til festen vert sendt ut tidleg i januar.
 

* Orientering ved leiar

- Leif Egil Vatnøy kjem til å vera gjesteinstruktør fylgjande 3 øvingar denne hausten: 26.september , 7.- og  28. november.

- Medl. kan no bestilla/kjøpa dei nye krusa Strilaringen har fått laga.

- Øvingshelga på Dyrkolbotn er avtalt til helga 3.-5.februar 2006. Dette er likevel litt usikkert pga. det skal byggast ny veg. Endeleg avklaring får ein i oktober.

 

*Heimelaga bollar smakte særs godt Jorunn! - ja - kaffi, te og kjeks også!

 

Manger, 19.09.05                                                              

Øyvind   Aksnes                            
       -skrivar-                          




Ingen hendelser

Webløsning ©2013-24 Web Norge