Måltida elles fekk me i noverande handelshus - bygd i 1925. I kafeen/restauranten er ein "omkransa" av originalinnreiing(frå kring 1900) henta frå butikken i førre handelshus. Eit heilt spesielt lokale!
Laurdag kl.09.00 – etter ein betre frukost – traske me opp til ungdomshuset. Der venta ein uforskamma morgonfrisk, ung og energisk instruktør! Hovudfokus denne dagen og søndagen var å perfeksjonera eit program på 45 minutt som skal nyttast fleire gonger i
Polenprosjektet!
(Sjå meir INFO om Polenprosjektet lenger nede på nettsida.)
Hardt å øva i mange timar, ja - 2 dagar til ende! ! Men, også kjekt og mykje godt sosialt fellesskap.