Det ligg no ute revidert vårprogram, førebels Polenprogram og program for øvingshelga på Glesvær på medlemsida.
Detaljer om prosjektet vi skal ha saman med Slask, vert lagt ut på sida om kort tid.
Polenprosjektet
For deg som ikkje er medlem, kan vi opplyse at Strilaringen i år har eit felles prosjekt med dansegruppa Slask frå Polen gjennom Kulturrådet/ EØS-utvekslingsprosjekt. Vi reiser til Polen 24.mai ( retur 1.juni) og har der 3 framsyn saman med Slask. I august ( 13. - 23.august) kjem Slask til Noreg. Her skal vi har 7 felles framsyningar ( Bergen, Nordhordland, Førde, Voss, Fjell, Sunhordland og Gulatingen). Vi kjem tilbake med meir info om seinare.
Fredag dans på Lune Huler - sett av kveldane
21.mars og 25.april vert det pub-kveld med god dansemusikk på Lune Huler.