toppgrafikk

Det nærmar seg festival. I dag er det berre 11 veker til festivalen starter den 28.juni. Programmet og kven som kjem er  ikkje endeleg avklart og me kan derfor ikkje leggja det ut. Eg kan røpa at det eg har sett av førebels program og aktuelle grupper, er spanande og eg gler meg til festivalveka.

I tida framover må alle vera førebudd på å yta litt ekstra. Det er eit stort arrangement og det er mykje som skal på plass. Eg vonar derfor at alle er positive til å bidra dersom ein vert spurd. 

Under festivalen skal me framføre eige program som må øvast inn.  Det minkar på øvingskveldar og det er derfor viktig at alle kjem på øvingane framover.

Etter mykje fram og tilbake har med no falle ned på mandag 13.juni ( 2.pinsedag) som øvingsdag før festivalen. Her vonar eg at alle kan ta del slik at me få finpusse programmet før festivalen.

Tangokurs er utsett til hausten - Me hadde planlagt tangokurs siste helga i april. Dette må dessverre utgå. Kurset vert sett opp til hausten.

Eg nyttar høve til å ynskje alle ei fin påskehelg!

Atle Utkilen

 




Ingen hendelser

Webløsning ©2013-24 Web Norge