Mandag førskomande er det dansekveld - ikkje vanleg øving.Radøybelgen kjem og spelar. Ta gjerne med vener til ein kosleg dansekveld.
Dans vert det også laurdag 19.mars. Då arrangerer festivalkomiteen i Strilaringen og Albatros - Venners vennersfest. Her vert det både mat, underhaldning og dans til gruppa Rex. Er du intressert i å vera med, må du ta kontakt med nokon i Strilaringen eller Albatross. Inntektene frå festen går til festivalen.
Same helga 18 -20.mars er det Dansesamling på Lindås ungdomsskule i regi av BUL Ervingen for ungdom frå 10 år og oppover. Vonar at alle er med på å informere om dette tilbodet. Trur dette vert ei inspirerande helg for alle som vert med. Nærmare info om arrangementet finn ein til venstre under Det skjer?
Programnemda er no godt igang med å sette opp liste over danser og songdanser me skal ha fokus på fram til festivalen. Planen er at me skal få kopiert opp ei songbok til alle (skal hugse skriftsstorleik Solveig). Framover våren vil me "spisse" øvingane mot festivalprogrammet. Danser og songer som me må øve ekstra på er det viktig at den enkelte også tar litt ansvar for. Det er også viktig at ein gir tilbakemelding dersom ein ynskjer ekstra øving på songer eller dansar slik at alle er trygge når festivalen startar. Her kan me, som enkelt alt no gjer, ha ekstra øving frå kl 18 -19.
Tirsdag 8.mars har styret styremøte. Kom gjerne med innspel til saker me skal ta opp.
