Fredag 25.april er det Dansepub på Lune Huler på Vågseidet.
Denne kvelden er det Helge Korneliusen ( kjent frå dansegruppa Ove´s Orkester) som kjem og spelar frisk, variert og god dansemusikk frå kl 20.30 til kl 00.00.
Restaurant/ matservering og pub er open frå kl 18. Nytt høve til å smake på noko frå den rikhaldige menyen.
(Klikk på bilde og du får fram plakaten)
7. -9. mars hadde STRILARINGEN øvingshelg på Glesvær
Det var 3. gong me nytta denne flotte og ærverdige handelstaden - med historie og maritimt miljø som går attende til 1600-talet.
Etter å ha funne fram til sitt rom - i ulike rorbuer - møttest 32 medlemmar og 3 spelemenn til pizza, quis og mykje "lått og løye".
Info om Glesvær
Det ligg no ute revidert vårprogram, førebels Polenprogram og program for øvingshelga på Glesvær på medlemsida.
Detaljer om prosjektet vi skal ha saman med Slask, vert lagt ut på sida om kort tid.
Polenprosjektet
For deg som ikkje er medlem, kan vi opplyse at Strilaringen i år har eit felles prosjekt med dansegruppa Slask frå Polen gjennom Kulturrådet/ EØS-utvekslingsprosjekt. Vi reiser til Polen 24.mai ( retur 1.juni) og har der 3 framsyn saman med Slask. I august ( 13. - 23.august) kjem Slask til Noreg. Her skal vi har 7 felles framsyningar ( Bergen, Nordhordland, Førde, Voss, Fjell, Sunhordland og Gulatingen). Vi kjem tilbake med meir info om seinare.
Fredag dans på Lune Huler - sett av kveldane
21.mars og 25.april vert det pub-kveld med god dansemusikk på Lune Huler.
Styret i Strilaringen ynskjer alle medlemar og venar av Strilaringen ei Gledeleg Jul og eit fredfullt Nyår.
Minnar samtidig om oppstart etter nyår måndag 6.januar og Årsmøte 20. januar. Frist for å koma med saker til årsmøtet er 13.januar.
Innkalling til årsmøtet finn du under medlemsnett.
Oddfrid, Bernt Henning, Harald Arne, Reidun, Dag Unnar
Skulle det bli for mykje julemat og kaker, skader det ikkje med ein svingom i romjula. Ervingen inviterer til Romjulsdans 28.desember. Plakat med meir info finn du ved å klikke på lenka.
Ps. Send melding pr sms til andre dersom DU skal. Då er det ofte lettare å koma ut av godstolen Ds
God Jul og vel møtt til første øving mandag 6.januar 2014
Ingen hendelser |