Dette er ei dansehelg for born frå 10 år og oppover! Bergen Ungdomslag Ervingen står som arrangør.
OBS: Påmelding til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller 55317446 innan 18. oktober.
Landbruksdagen i Austrheim
2015 vert arrangert laurdag
3. oktober.
Programmet for dagen ser
du til venstre.
Etter køyreplanen skal
Strilaringen ha framsyning
mellom 12:00 og 13:00.
Vi skal også ha ein stand.
Håpar du vitjar oss der!
16. - 18. oktober feirar BUL ERVINGEN seg sjølv som "ti-åring". Dei har laga til eit fullspekka, variert og spanande program.
Vert du med? Sjå PROGRAM for dei 3 jubileumsdagane(og kveldane!).
STRILARINGEN arr. Danskveld mandag 14. september 2015
Stad: Ungdomshuset Dalheim på Hundvin Tid: kl 19.00 - 21.00
Musikk ved: Lindås Trekkspelklubb
Dette vert kjekt! Håpar du kjem! Ta gjerne med ein ven - eller fleire!
Arrangementet er gratis! Ein kopp kaffi og noko å bita i kostar kr. 20,-
Dansing er god trim, særleg etter alt tankearbeid kring det å stemme!
Du er hjarteleg velkomen! !
Det nærmar seg oppstart i Strilaringen hausten 2015. Mandag 31.august kl. 19 har vi første øving. Vi øver på ungdomshuset Dalheim på Hundvin. Fyrste timen dansar me. Siste timen, fram til 21.00 er det kaffimøte med informasjon om kva som skal skje utover hausten. Om du er ny eller "gamal" travar, er det berre å møte opp. Ta gjerne med andre som har lyst å verta betre kjend med fokedans! Du/de er VELKOMNE!
Litt inspirasjon? Nedanfor finn du ein video (Polsdans frå Finnskogen!) frå Landskappleiken på Fagernes denne sumaren.
Vi skal no igang med ein ny sesong. Programmet er kanskje ferdig men eg legg no inn eit lite ynskje/innspel til dans eg kan tenkja meg å få kurs - Polsdansen frå Finnskogen. Nyt dansen og musikken!
Det nærmar seg haust og ny sesong i Strilaringen. Haustprogrammet vert lagt fram på fyrste øvingsdag denne hausten, 31. august kl.19.00. Vi kan røpa at det allereie er avklart at ei helg i november skal det trenast på Parhalling frå Dalsfjorden. Nedanfor finn du ein video med nemnde dans! Det er både vakkert og ser kjekt ut!
Dei siste dagane i juni (2015) tok Strilaringen del på den årlege sumarfesten - Święto Śląska - til den polske profesjonelle dansegruppa Ślàsk. Vårt programmet starta med ein "kamp" mellom swing (biletet) og springar! Ikkje heilt etter "folkedans-normene" - men mange av dei fleire hundre som var tilstades sette tydlegvis pris på det nye "elementet" som vart nytta i ei folkedansframsyning! Sumarfesten gjekk over tre dagar, med mange flotte og imponerande innslag på den store utescenen som var rigga midt i ein stor park.
Bilete frå ferda vår til Polen finn du under hovudlenka "Biletgalleri".
Her vert det flott folkedans - og (truleg) mykje action!
Dette er ei dansegruppe frå USA som har jobba med NORSKE FOLKEDANSAR i mange tiår. Dei vart stifta i 1953! Då var namnet:
Stoughton High School Norwegian Dancers.
I juni skal dei ha framsyningar 5 ulike stader i Noreg.
Siste stopp er i Bergen - på FLØYEN 20. JUNI!
Klikk for 2015 NORWAY TOUR PERFORMANCE SHEDULE.
Tenk deg ein stor, tidlegare tyrefektararena på Asorene, midt uti Atlanteren, med sitjeplass til 5000 menneske. På sjølve arenaen er det bygd opp ein stor scene. På denne framfører eit titals ulike folkedansgrupper, frå heile verda, dansane sine. Den eine gruppa avløyser den andre, den eine meir fargerik og fengjande enn den andre, kastanjettar og svingande skjørt akkompanjert av kraftige gitarar vert avløyst av trommer og bastskjørt.
Strilaringen kjem også inn, ein kontrast til dei andre? Kanskje… inntil Leif Egil kjem inn på scena.
Han dansar springar med Jorunn. Med kraft, høge sprang, slag på tå og hel, smilet sitt, sjarmen, flørten og energien sin let han publikum få oppleva norsk folkedans på sitt beste. Og dei klappar, er betatt og begeistra. Me andre kjenner oss stolte over det som vert presentert!
Leif Egil har følgd Strilaringen sidan oppstarten i 1976. Han har tidvis vore fast instruktør, han har vore med oss med jamne og ujamne mellomrom for å førebu oss til ulike framsyningar til festivalar me har tatt del i. Han har hatt kurs med oss, følgt oss på turar rundt i verda, vore den kunstneriske leiaran vår, han har vore ein av oss.
Gjennom alle desse åra har dansegleda og songgleda hans smitta over på oss, det har vore pols, halling, springar og… tango. Det har vore tostemt og trestemt song, ikkje alltid like lett å få tonane til å sitja der dei skulle, heller ikkje appellane. Likevel, smilet, humoren og latteren sat alltid like laust.
Slik han gjorde det på Asorene i 2009 dansa han, under første heimefestivalen vår i 1979, springar på opningsforestillinga på Lindås. Han vart ”førsteside ” i Strilen sin Kalender året etter.
Slik dansa han også springar i mai i fjor, med Berit denne gongen, då me alle vart invitert til Strilatun til konsertprogrammet han hadde laga i samband med 60-års dagen. Også denne gongen med kraft, høge sprang, slag på tå og hel, smilet sitt, sjarmen, flørten og energien. Berre at denne gongen vart det ekstra sterkt å få oppleva norsk folkedans på sitt beste …
Heldige oss som fekk vera med Leif Egil og fekk ta del i energien, inspirasjonen, dansen, songen , kunstnaren og krafta.
Me lyser fred over Leif Egil sitt minne.
Video frå springaren Leif Egil dansa på Azorene i 2009.
Dansevener i Strilaringen.
13 mar 2023; @19:00 - @21:00 Øvingskveld |
20 mar 2023; @19:00 - @21:00 ØVINGSKVELD |
27 mar 2023; @19:00 - @21:00 ØVINGSKVELD |
17 apr 2023; @19:00 - @21:00 Øvingskveld |
24 apr 2023; @19:00 - @21:00 Øvingskveld |
08 mai 2023; @19:00 - @21:00 Øvingskveld |
15 mai 2023; @19:00 - @21:00 Øvingskveld |
22 mai 2023; @19:00 - @21:00 Øvingskveld |