I år er det HANSADAGAR frå torsdag 9. juni til søndag 12. juni.
Lørdag 11. juni er det TORGDAG - dette året som ein del av Hansadagane.
Rundt Vågen vert det sikkert mykje folk, kanskje særleg på lørdagen!
Info om HANSADAGANE
Info om TORGDAGEN
Strilaringen stiller(som vanleg!) med salsbod på torget, med mykje godt på lur! I år skal me også dansa på sena attmed Mathallen - truleg før 13.00(?) Tidspunkt er ikkje bestemt endå.
Seinare på dagen - 17.00 - skal me ha ei framsyning på Fiskehjellen. Dette er i regi av Hansadagane.
Eit visdomsord!
Da trur no me, i
S
T
R
I
L
A
R
I
N
G
E
N!
Her er STRILARINGEN sin JUBILEUMSLOGO. Ein reknar 21.februar 1976 som stiftingsdato.
STRILARINGEN er derfor
40 år akkurat i dag!
Liv Furelid var primus motor i startfasen.
Allereie i 1977 reiste ringen på sin fyrste festival: Durham i England.
Dette vart ein stor suksess både for ringen og dansarane.
På Krinsmøte, 9. juni 1977 på Hundvin, vart det vedteke å velja ei eiga nemnd til å drifta laget.
Desse vart valde: Svein Seljelid(leiar), Bjørg Seljelid og John Norleif Vaage.
Svein Seljelid var leiar i 5 år! Sidan har det vore 17 leiarar, nokre av dei i 2 periodar.Dette biletet har nettansvarleg fått "låne" hjå nemnda som jobbar med å lage JUBILEUMSBOK. Kan ikkje seia noko om kvar og kortid det er "knipsa". Men, eg er viss på at nemnda har full kontroll!
Dato for JUBILEUMSFEST er sett til 8. oktober 2016. Eiga nemnd er sett ned for å førebu den store festen!
I jubileumsåret førebur me oss til endå ein festival.
Dette året reiser me til Hellas, nærare bestemt til LEFKAS INTERNATIONAL FOLKDANCE FESTIVAL på øya Lefkada. Her har dei arrangert festivalar sidan 1960!
arr. Danskveld mandag 18. januar 2016
Stad: Ungdomshuset Dalheim på Hundvin Tid: kl 19.00 - 21.00
Musikk ved: Lindås Trekkspelklubb
Sjå kva avisa Strilen skriv om KULTURKVELDEN som Strilaringen laga til i ungdomshuset Dalheim
på Hundvin søndag 25.oktober.
Sjå bilete av gjestane våre: Plakat(pdf) KULTURKVELD (publ. 20.okt)
↓ ↓ Plakat(pdf) KULTURKVELD (publ. 11.okt)
Minnar om at BUL skal feira 10 års jubileum 16. til 18.oktober. Det byrjar å haste med påmeldinga, om du vil melda deg på KURS eller tinga billett til FESTMIDDAG og DANS på laurdagskvelden. Sjå også nettsida til BUL.
Dette er ei dansehelg for born frå 10 år og oppover! Bergen Ungdomslag Ervingen står som arrangør.
OBS: Påmelding til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller 55317446 innan 18. oktober.
Landbruksdagen i Austrheim
2015 vert arrangert laurdag
3. oktober.
Programmet for dagen ser
du til venstre.
Etter køyreplanen skal
Strilaringen ha framsyning
mellom 12:00 og 13:00.
Vi skal også ha ein stand.
Håpar du vitjar oss der!
Ingen hendelser |