-Webansvarleg for Strilaringen si nettside
har ei tid hatt problem med å få publisert
biletmapper, under hovudlenka Biletgalleri.
-No er problemet løyst! Endeleg har ein fått
lagt ut biletmappa: "2016 Strilaringen vart 40 år".
(som ein finn under hovudlenka: Biletgalleri.)
Jubileumsfesten var i ungdomshuset
Dalheim på Hundvin 8.oktober 2016.
-På biletet til venstre ser ein korleis scena
var rigga under Strilaringen si Jubileums-
framsyning. Det vart ei flott og litt spesiell
framføring, der det veksla mellom "live"
dans på scena og videosnuttar/bilete frå ulike tidsepokar i Strilaringen sin historie. Desse kunne ein sjå på stor-skjermar på kvar side av scena.
Folkedanslaget i Bergen ungdomslag Ervingen byr inn til:
Danse- og spelmaraton 28. januar 2017
Maraton er eit løp som går over 42 195 m. Ordet «maraton» blir ofte brukt for å skildra noko som
krev stort uthald.
Vi inviterer spreke dansarar og spelemenn/-kvinner til å delta på årets kjekkaste uthaldsløp.
Stad: 3. etg, Gimle, Kong Oscarsgate 18
Tid: frå 19.00 til 24.00
Dans
I ein kveld fullstappa med mykje god dansemusikk vert det høve til å kunne svinga seg rundt på
golvet i ein heftig dans. Berre hugs å stilla med godt utstyr som dansesko og ei ekstra skjorte eller to.
Fotskatt: 50,-
Spel
Spelmennene driv stafett gjennom heile kvelden. Det er ope for fleire spenstige gruppe
samansettingar og artige arrangement. Påmelding innan 20. januar.
Sidan alle som speler òg er velkomne på dansegolvet som dansarar, vert det ein fotskatt pr.
spelemann/-kvinne på: 50,-
8. oktober 2016 var det storslått,
kjekk og verdig JUBILEUMSFEST for
Strilaringen sine 40 år som aktiv folke -
dansgruppe, både i Noreg og i utlandet!
Meir INFO og biletmappe frå Jubileumsfesten.
På festen hadde me
BOKSLEPP:
"STRILARINGEN - ei aktiv
folkedansgruppe i 40 år."
Undervegs i prosessen har
produktet vorte meir enn
berre ei biletbok.
Her er både tekst og bilete,
ein solid dokumentasjon av
STRILARINGEN sin historie
gjennom 40 år!
No har DU sjansen til å
skaffa deg ei flott bok!
Prisen er kr 250,-
(Porto kjem i tillegg ved
ev. sending.)
Greiast om du nyttar
e-post for å tinga boka.
Bruk adressa til leiaren
vår, Eli Langendoen:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
28. oktober dansar
STRILARINGEN på
Klubb Fantoft.
Dette er ein Multicultural Concert der ein kan oppleva kulturinnslag frå fleire verdsdelar!
Du får m.a smaka Eritreisk mat og sjå arabisk magedans!
Var dette interessant? For meir INFO trykk "Les meir. . ." under biletet.
Her er framsida til jubileumsboka:
STRILARINGEN - ei aktiv folkedans-
gruppe i 40 år (+ ein liten "reklamelapp" øverst.)
Då boka er til trykking, har webansvarleg
ikkje hatt høve til å studere resultatet.
Men, eg er sikker på at det vert kjempe-
kjekt å lesa og sjå i boka, gler meg!
Strilaringen er ikkje vane med å lage
jubileumsbok. . .
Undervegs i prosessen har produktet
vorte meir enn berre ei biletbok.
Her er både tekst og bilete, ein solid
dokumentasjon av laget sin historie
gjennom 40 år!
Denne hausten er det pangstart for Strilaringen!
Etter ein Øvingsdag i morgon (lørdag 13.august) - med finpussing av fleire dansprogram - er det rett til Lefkas Internationale Folklore Festival i Hellas som byrjar 21. august.
Dette går for seg på øya Lefkada ved kysten nordvest for Aten.
Festivalen vart etablert i 1962 og har sidan då hatt meir enn 600 gjestegrupper frå 5 kontinent / 150 land.
Så er det særs stort for oss å feira at Stilaringen er 40 år!
Sjå eige oppslag om Jubileumsfesten 8. oktober (nedanfor↓ - denne nettstaden) og på
Facebook -arrangement.
Sidan 1976 har Strilaringen arrangert 7 internasjonale folkedansfestivalar i Nordhordland med gjestegrupper frå 14 ulike land i Europa. Opp gjennom åra har me delteke på 24 festivalar i Europa (i 19 land) og ein festival i USA. No står Hellas for tur - eit land Strilaringen ikkje har vitja før.
Bilete
frå
ein
av
festivalane
på
Lefkada
Meir info om Strilaringen/festivalar(heime/ute) + om Festivalen i Hellas ? : trykk på lenka under: "Les meir . . . . . . . ."
8. oktober inviterer Dag Unnar Mongstad - leiaren vår - og dagens medlemar inn til stor fest for Strilaringen som fyller 40 år i det herrens år 2016!
Festlokalet er - sjølvsagt! - Dalheim på Hundvin!
Opp gjennom åra - heilt frå 1976! - er det svært mange som har hatt ein eller fleire rollar i/for folkedansgruppa vår. Me tykkjer ei slik feiring er viktig og håpar at det vert folksamt - ja rett og slett trangt! - i ungdomshuset på Hundvin denne kvelden!
INFO om påmelding og program for JUBILEUMSFESTEN, finn du ved å trykkje på lenka nedanfor. Obs! Då det er begrensa med plassar, vert dette eit lukka arrangement. Ta gjerne med fylgje! !
21 feb 2022; @19:00 - @21:00 ØVINGSKVELD |
28 feb 2022; @19:00 - @21:00 ÅRSMØTE 2022 for Strilaringen |
21 mar 2022; @19:00 - @21:00 ØVINGSKVELD |
28 mar 2022; @19:00 - @21:00 ØVINGSKVELD |
04 apr 2022; @19:00 - @21:00 ØVINGSKVELD |
25 apr 2022; @19:00 - @21:00 ØVINGSKVELD |
02 mai 2022; @19:00 - @21:00 DANSEKVELD med RADØYBÆLJEN |
09 mai 2022; @19:00 - @21:00 ØVINGSKVELD |
23 mai 2022; @19:00 - @21:00 ØVINGSKVELD |