I morgon - mandag 28. mai - reiser Strilaringen til Island.
I mange år har me hatt ynskje om å reise til Sagaøya - og endeleg har me fått det til!
I fyrste del av opphaldet skal me vera i Reykjavik.
Her treff me den islanske folkedansgruppa Sporid som vil vera guidar for oss. M.a skal me vitja den historiske garden - Reykholt - der Snorre Sturlason budde det meste av sitt liv.
Onsdag 30.mai skal me ha framsyning og social dancing i Nordens hus. Om du leitar deg fram i kalenderen for aktivitetar finn du denne lenka for 30.mai
I siste del av opphaldet tek me turen til fjerde største byen på Island: Akureyri.
Full fart i ungdomshuset Dalheim på Hundvin då Strilaringen laga til DANSEKVELD mandag 27.november. Me hadde invitert Knarvik Gamaldanslag. Dei møtte med mange medlemmar - veldig bra!
Ein dag ringde Rune Brundtland til leiaren i Strilaringen - Eli Langendoen - og spurde om 4 sherpaer
og arbeidsleiaren deira fekk lov å koma på besøk på mandagsøvinga 30.oktober. Ho tok sjansen og svara ja!
I byrjinga verka dei fire ungdomane frå Nepal beskjedne. So fekk leiaren vår og arbeidsleiaren deira - Kjell Eirik Ormberg - lokka dei med på nokre enkle norske songdansar!
Kunne dei nokon folkedansar frå Nepal? Nei, men to av dei gjekk fram på golvet og sang for oss - og dansa til gjorde dei også!(biletet ovanfor)
I seinare tid - særleg då Strilaringen laga jubileumsbok i 2016 - vart mange bilete funne framatt og systematisert. Difor er me igang med å "tetta hol" i Biletgalleriet på nettsida vår. I 2014 hadde me eit omfattande samarbeid med den profesjonelle dansgruppa Slask frå Polen - 2 biletmapper. Desse og 2 andre "ferske" biletmapper finn du under valet "Biletgalleri" (2. hovudlenke frå venstre i hovudmenyen).
Dei "ferskaste" biletmappene er då:
*2017 Festival i Tsjekkia/Praha
*2016 Festival i Hellas/Lefkada
*2014 Strilaringen i Polen
*2014 Slask i Noreg
På årsmøtet i Strilaringen, 30. januar 2017, vart Eli Langendoen vald til ny leiar.
Ho tok over etter Dag Unnar Mongstad.
Han hadde då vore leiar sidan januar 2013.
-Gratulerer med valet! Kor tid byrja du å danse i Strilaringen?
-Takk skal du ha! Eg og mannen min møtte på vår første øving hausten 2001.
-Hadde du noko erfaring med folkedans før dette?
-Nei, eg hadde aldri dansa folkedans før.
Det einaste eg hadde prøvd var litt vals
heime på stovegolvet med far min då eg var liten!
-Ser på Strilaringen sin nettstad at du vore leiar for Strilaringen tidlegare – fortel!
-Ja, det stemmer! Eg var leiar i to år, 2003 og 2004.
Eg var så heldig å få oppleve at fleire personar byrja å danse med oss i denne perioden.
Eg syntest også det var veldig stas å representera Strilaringen og alle dei flotte dansarane på festivalen i Holland i 2003, særleg sidan Holland er mitt andre heimland!
-Nokre høgdepunkt frå 2016?
Ingen hendelser |