toppgrafikk

Årsmøte Kaffimøte + +

     Stad /tid:        ”Dalheim”/Hundvin / ca. kl. 20.00

     Til stades:      17 medl.                            
 

Orientering ved leiar
Eli orienterte om ymse aktuelle saker og ei endring på årsplanen: Det vert ikkje kurs 17. – 18. april, pga instruktøren ikkje hadde høve.
 

Om ev. Amerikatur hausten 2005
På årsmøtet var det semje om at ein skulle diskutere vidare om ev. Amerikatur(h. 2005) på fyrstkomande kaffimøte etter årsmøte.

*Fylgjande personar vart vald til å vera i ei ”førebuingsnemd”:
  Nils Kristian, Ragnhild og  Mikal(frå styret)

*Mandatet til nemda er m.a.  å innhenta meir informasjon om festivalen og om ”krav/tilbod” til Strilaringen ved ev. deltaking.

*Vidare prøver ein å skaffe meir info om innkvartering, reise osv. 

*Nemda tek i fyrste omgang kontakt med Asbjørn Ystebø som repr. Utvandrarsenteret på Sletta(som også var på kaffimøtet før jul og orienterte om førebels planar.)

 

Manger, 08.03.04                                        

Øyvind  Aksnes                            
    - skrivar -

    Stad /tid:        ”Dalheim”/Hundvin / ca. kl. 20.00

SAK 1.   Statuttar for folkedansfondet.
Styret sitt framlegg dagsett august 2004 vart samrøystes vedteke.

SAK 2.   Amerikatur.
På kaffimøtet 08.03.04 vart Ragnhild, Nils Kristian og Mikal valde til å arbeida med opplegg for mogeleg tur til Norsk Høstfest i Minot i Nord
Dakota i oktober 2005. Gruppa la fram ei orientering 29.03.04. Seinare
har turen vore nemnt på fleire øvingskveldar. - Påmeldingsfristen er no
omme. Det har meldt seg 7 jenter og 7 gutar. Etter ein del diskusjon vart
det trekt følgjande konklusjonar:

  • Laget må melda tilbake at det er for lita påmelding til tur hausten 2005. Me vil likevel vurdera USA-tur på nytt til neste år - eller seinare.
  • 15 personar var interesserte i ein annan tur til sommaren. "USA-gruppa" arbeider vidare med mogelege turopplegg.

Mikal Krossøy
Ref.

     Stad /tid:        ”Dalheim”/Hundvin / ca. kl. 20.00

     Til stades:      20 medl.                            
 

USA-2005?     Orientering ved nemda for ”USA- 2005?

Nils K. orienterte om INFO ein finn i eit skriv som nemda har laga. Dette ligg på www.strilaringen.org . Vidare vart det orientert om ev. opphald og at innkvartering truleg vert privat. Elles hadde nemda gjort seg ein del tankar i høve til at sikkert fleire av dei som reiser, ynskjer ei -  ev. to veker utover sjølve festivalen/ Norsk haustfest i Minot .

Det er viktig at dei som vurderer å vera med:

  • tek kontakt om dei lurar på noko.
  • har bunad(ev. låna/leige om dei ikkje har sjølv.)
  • tidleg –helst før sumarferien – melder frå om ein vurderer ei el. to veker i USA etter festivalen, og om ein har ynskje om spes. reisemål.

 

Oppvisning på Åsane Folkehøgskule 22.05.04
Leiaren opplyste at Strilaringen har sagt ja til ei danseoppvisning på Åsane  Folkehøgskule 22.mai.(Me nyttar ”vårprogrammet for 2004”) Det må vera minst 8 par.(bunad!)
 

Strilaringen skal vera med på TORGDAGEN 12.06.04
Para som tek del her, må vera kledd  i ”gamle, bondske strilaklede”! Meir IINFO seinare- m.a. laga til STAND(?)
 

Det vert BLÅTUR 26.juni … set av denne datoen!
Meir INFO frå Blåturnemnda seinare.

 

Forslag til statuttar for FOLKEDANSFONDET
Mikal K. hadde utarbeida nytt forslag til statuttar for FOLKEDANSFONDET. Medl. som var tilstades fekk kopi av desse. Mikal vil også dela ut forslag til dei som møter på øving neste gong.

Frist: Dersom nokon av medl. har kommentarar og/eller forslag til endringar/tillegg, melder ein frå om dette til Mikal innan utgangen av mai-04. Deretter vil styret handsama saka og leggje fram endeleg forslag til nye statuttar på eit kaffimøte/medlemsmøte til hausten.

 

Manger, 05.05.04                                        

Øyvind  Aksnes                            
    - skrivar -

     Stad /tid:        ”Dalheim”/Hundvin / ca. kl. 20.00

     Til stades:      26 medl.   
   
                     

* Opptreden i Bergen/samarbeid med Bergen Folklore
- Strilaringen hadde inntekter på om lag kr. 6000 for dei to danseoppvisningane ein hadde for Bergen Folklore  sumaren 2006.
- Leiar spurde om ringmedl. var villige til å ta liknande oppgåver sumaren 2006, dersom me får spørsmål om det. Etter litt drøfting kom ein fram til at det var rimleg å seie ja til eit liknande oppdrag som me hadde denne sumaren.

 

* Orientering/drøfting om 30-års markering for Strilaringen

- Nemda har bestemt at jubileumet skal vera  11. mars 2006.

- Vidare orienterte ein om programmet ein har tenkt seg –så langt. Ein  vil invitere alle tidlegare og noverande medl. Ein tenkjer seg ein pris på omlag kr.300,- pr. person.(Med 100 personar vil rekneskapet gå i ballanse)

- Nemda/medl.møtet yngste at styret vurderer kven som skal få ein spesiell invitasjon (og at styret betaler billettprisen for desse) og at Strilaringen sin kasse kan belastast dersom rekneskapet for festen går i minus.
Innbyding til festen vert sendt ut tidleg i januar.
 

* Orientering ved leiar

- Leif Egil Vatnøy kjem til å vera gjesteinstruktør fylgjande 3 øvingar denne hausten: 26.september , 7.- og  28. november.

- Medl. kan no bestilla/kjøpa dei nye krusa Strilaringen har fått laga.

- Øvingshelga på Dyrkolbotn er avtalt til helga 3.-5.februar 2006. Dette er likevel litt usikkert pga. det skal byggast ny veg. Endeleg avklaring får ein i oktober.

 

*Heimelaga bollar smakte særs godt Jorunn! - ja - kaffi, te og kjeks også!

 

Manger, 19.09.05                                                              

Øyvind   Aksnes                            
       -skrivar-                          

    

     Stad /tid:        ”Dalheim”/Hundvin / ca. kl. 20.00

     Til stades:      27 medl.                            
 

* Godkjenning av midlar til øvingshelg(19. -20. juni) og reise for to  spelemenn  til Baltica-festivalen  2005.

 

          Vedtak: Strilaringen løyver midlar til ovannemde.
 

* Godkjenning av tilskot til dei som reiser til Baltica-festivalen.

         
Vedtak:
Strilaringen yter eit tilskot på kr.500,- til kvar medl.

                    som deltek aktivt i Strilaringen sitt danseprog. i Baltica-
                    festivalen.   
 

* Nemder 2005 / Orientering ved styret

       Styret presenterte eit oppsett for dei ulike nemdene for 2005.(fram

       til 06.02.06)

 

* Baltica-festival 2005 / orientering ved nemda
       Nemda orienterte, m.a. om reise, opphald og bestilling av billettar.

 

Manger, 09.03.05
                                                              
Øyvind  Aksnes                            
     - skrivar -                          




Kva skjer?

14 okt 2019;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
21 okt 2019;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
28 okt 2019;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
04 nov 2019;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
11 nov 2019;
@19:00 - @21:00
DANSEKVELD i KNARVIK m/Radøybæljen
18 nov 2019;
@17:30 -
FRAMSYNING på Ostertunet

Facebook


Webløsning ©2013-17 Web Norge