toppgrafikk

Uncategorised

Strilaringen was established in 1976 by some enthusiastic young people from Nordhordland.  
The goal was to keep up the Norwegian tradition of folk dance, music and song.

Strilaringen has had several excellent musicians during the years.  The instrument they have been playing is Norway’s National instrument “Hardingfele”.  The fiddle has 8 strings; four upper strings and four lower strings.  Together they make a very special, but beautiful sound.  The fiddle is beautiful decorated with seashells and painted borders.

As recently as 30-40 years ago it was not allowed to play the “Hardingfele” in Norwegian churches.  The reason was that the priests thought it was the devils instrument.  Luckily, nobody believes that anymore.

When the fiddler need a pause, the dansers go on with their song dance - and old tradition in our country. It is really å good exercise - singing and dancing at the same time.

Strilaringen wear Norway’s National costume the “Bunad” in nearly all their performances locally, national and abroad.  Since the members come from all over Norway, the traditional “Bunad” from several different places are used.

Since Strilaringen was founded they have participated in several festivals;  Sweden, Germany(2 times), Finland, Scotland(2 times),  Yugoslavia, Turkey(Asian part), Italy, Holland, Latvia, Austria(3 times), Lithuania, Belgium, Russia, Portugal, USA, Ireland, Denmark, Poland (3 times)), Greece, Tsjekkia and Morocco.
 
So far Strilaringen has  hosted eight International folkdance festivals here in Nordhordland, with guests groups from Austria(4 times), Sweden(2 times), Holland, Italy, Latvia, Germany, Hungary, Scotland(2 times), Croatia, Yugoslavia, Lithuania, Ukraine, Ireland and Poland(2 times).

                   Er de klare?  De er VELDIG velkomne!
27 april 15 Dansekveld revATrykk for: pdf-plakat.

R              S

A              T

D              R

Ø              I

Y               L

B               A
        +           +  DEG   = ? ? ?
Æ              R

L               I

J               N

E              G

N              E

                N


Svaret finn du nedanfor!

dansesamlingTrykk for  større bilete.

Kurs i Polska
  Her finn du plakaten i større format.


















red.radoyb1















folkedans 023a


Folkemusikk har dei seinare åra vore i medvind!
FOLKEDANS er då eit heilt naturleg framhald!

Sjå videoen  "Bygda Dansar" på YouTube!

Etter å ha sett denne videoen - om du er ung eller eldre - vil du tenkje (kanskje?): No er det på tide  å  finne fram danseskoa.  God trim er det også!   

Sjå også heimesida til Bygda Dansar.  ♣

523448 1 zLørdag 7. mars  møttest  20  medl.  i STRILARINGEN til øvingshelg på Fjordslottet Hotell på Osterøy.

Hotellet ligg ved Osterfjorden i tettstaden Fotlandsvåg, 1 times køyring frå Bergen. Fjordslottet er eit gamalt  herskapleg hotell. Det vart bygd i 1851 som direktørbustad til Fotlandsvåg Bomullspinneri og seinare ombygd til hotell.

Det vart ei spanande øvingshelg! Me trente på eit nytt danseprogram  som skal nyttast ved fleire høve dette året, både heime og i utlandet!

Bilete frå øvingshelga finn du i: Biletgalleri (hovudmenyen)
Me vil ikkje røpa så mykje no, men kan seia at denne gongen ”blandar” me inn dans som du sjeldan – kanskje aldri – har sett i eit folkedansprogram! 

*Strilaringen.no har denne veka vorte plassert på ein ny server. Det er også utført oppgradering av programvara for nettstaden vår. Det meste ser ut som før, medan adm.verktøyet skal ha fleire forbetringar. Mandag og deler av i dag(tirsdag) var det umogleg å logge seg på medlemsnettet - dette er fiksa no. Fyrste gong du loggar deg på, er det  ein liten prosedyre å utføre:
  - Trykk "Logg inn"(slik som før).  
  - Vel så "rediger profil" (Skriv passordet ditt -  og bekreft det. Du kan nytte det gamle passordet ditt, eller endre det.)
  - Logg ut. (Deretter loggar du på igjen - m.a. slepp du då å velje medlemsnett.)

*Info om Øvingshelg på Fjordslottet/Osterøy er no lagt ut på Medlemsnettet!

*Vårprogrammet er nyleg endra. Oppdateringa finn du i meldinga "Vårprogrammet 2015" - som vart publisert 6. januar 2015 på Medlemsnettet.    ♣                                                                           

002x3

Onsdag 18/2-2015 reiste Strilaringen til byd`n, til Fantoft studentby. 
Me hadde fått danseoppdrag hjå SIB, Studentsamsskipnaden i Bergen. Arrangementet hadde dei kalla TYPISK NORSK. Strilaringen sitt bidrag skulle vera å dansa nokre klassiske folkedansar, både for og med internasjonale studentar i Bergen.

I det me steig inn i gangen, kjende me  lukta av skikkeleg god norsk lapskaus! Frå salen innafor: stemmesurr og latter frå mange unge menneske, blanda med høg musikk! Gjennom døra såg ein at det vart flytta rundt på bord, stolar og lapskausskåler - det laga seg etter kvart eit  ope rom midt i lokalet. Så vart Strilaringen presentert og me var i gang med framsyninga! Arve spelte på fela si og eit godt anlegg bar lyden kring i det store rommet. God stemning, blitzing og god, varm applaus etter kvar av dei 10 song- og musikkdansane i programmet vårt. (Biletet ovanfor: Kørsdans) Etterpå baud me opp til fellesdansar.
Sjå også Biletgalleri: 2015 Fantoft       

  

D.U.2

Dag Unnar Mongstad vart vald til leiar på årsmøtet 26. januar 2015.  Dette vert 3. året hans som leiar i Strilaringen.

- Gratulerer med valet!  Strilaringen vart stifta i 1976. Etter det eg har fretta var du på di fyrste øving i ”ringen” allereie i 1977 . 
Kva vil du kort seie om aktiviteten til folkedansgruppa den gongen ?
-
Dei eldste den gongen var under 40  og dei yngste hadde ikkje fylt 20. Dei fleste var aktive i sine lokale ungdomslag i tillegg til deltakinga i Strilaringen. Folkedansen hadde ei blomstringstid. Strilaringen var eit tilbod for dei som ville arbeida meir med dansen og som yngste å reisa på internasjonale folkedansfestivalar.

- Kva vil du dra fram som høgdepunkt i den tidlege tida du var med i folkedansgruppa?
- Strilaringen var i England på festival i 1977, året etter at dei vart stifta. I 1978  deltok me på festival i Tyskland. På denne festivalen  fekk ein motivasjon til å starta planlegging av Folkedansfestival i Nordhordland. Denne festivalen vart gjennomført i 1979 med eit hundretals gjestar frå 4 land, alle privat innkvartert.

- Korleis vart Strilaringen  møtt av lokale ungdomslag i Nordhordland?
- Det var ikkje alle i ungdomslaga som var einige i stiftinga av Strilaringen. Dei var redd dette skulle øydeleggja for dansinga i lokallaga.  Men i dag kan me nok slå fast at utan Strilaringen ville folkedansen vore ganske borte i vårt distrikt i dag.




Kva skjer?

21 nov 2022;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
28 nov 2022;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
05 des 2022;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
12 des 2022;
@19:00 - @21:00
JULEAVSLUTNING
16 jan 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
23 jan 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
30 jan 2023;
@19:00 - @21:00
ÅRSMØTE 2023
06 feb 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD

Facebook


Webløsning ©2013-17 Web Norge