toppgrafikk

Uncategorised

barnedansekurs

Dette er ei dansehelg for born frå 10 år og oppover! Bergen Ungdomslag Ervingen står som arrangør.
OBS: Påmelding til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller 55317446 innan 18. oktober.

LandbruksdagAustrheim2015
                           danseparliten

 

       Landbruksdagen i Austrheim
      2015 vert arrangert laurdag 
      3. oktober. 

     
       Programmet for dagen ser
       du til venstre.

       Etter køyreplanen skal
       Strilaringen 
ha framsyning
       mellom 12:00 og 13:00.

 

        Vi skal også ha ein stand.
        Håpar du vitjar 
oss der!


 

 

16. - 18. oktober feirar BUL ERVINGEN  seg sjølv som "ti-åring". Dei har laga til eit fullspekka, variert og spanande program.

Vert du med? Sjå PROGRAM for dei 3 jubileumsdagane(og kveldane!). 

STRILARINGEN   arr.    Danskveld mandag 14. september 2015
           Stad: Ungdomshuset Dalheim på Hundvin           Tid: kl 19.00 - 21.00

           Musikk  ved:    
Lindås Trekkspelklubb

              Dette vert kjekt! Håpar du kjem! Ta gjerne med ein ven - eller fleire!
              Arrangementet er gratis! Ein kopp kaffi og noko å bita i kostar kr. 20,- 
              Dansing er god trim, særleg etter alt tankearbeid kring det å stemme!

                                             Du er hjarteleg velkomen! !

Det nærmar seg oppstart i Strilaringen hausten 2015. Mandag 31.august kl. 19 har vi første øving. Vi øver på ungdomshuset Dalheim på Hundvin. Fyrste timen dansar me. Siste timen, fram til 21.00 er det kaffimøte med informasjon om kva som skal skje utover hausten. Om du er ny eller "gamal" travar, er det berre å møte opp. Ta gjerne med andre som har lyst å verta betre kjend med fokedans! Du/de er VELKOMNE! 

Litt inspirasjon? Nedanfor finn du ein video (Polsdans frå Finnskogen!) frå Landskappleiken på Fagernes denne sumaren.

Vi skal no igang med ein ny sesong. Programmet er kanskje ferdig men eg legg no inn eit lite ynskje/innspel til dans eg kan tenkja meg å få kurs - Polsdansen frå Finnskogen. Nyt dansen og musikken!

Det nærmar seg haust og ny sesong i Strilaringen. Haustprogrammet vert lagt fram på fyrste øvingsdag denne hausten, 31. august kl.19.00. Vi kan røpa at det allereie er avklart at ei helg i november skal det trenast på Parhalling frå Dalsfjorden. Nedanfor finn du ein video med nemnde dans! Det er både vakkert og ser kjekt ut!

 

11693073 10200613970228937 677960162 nDei siste dagane i juni (2015) tok Strilaringen del på den årlege sumarfesten - Święto Śląska - til den polske profesjonelle dansegruppa Ślàsk. Vårt programmet  starta med ein "kamp" mellom swing (biletet) og springar! Ikkje heilt etter "folkedans-normene" - men mange av dei fleire hundre som var tilstades sette tydlegvis pris på det nye "elementet" som vart nytta i ei folkedansframsyning! Sumarfesten gjekk over tre dagar, med mange flotte og imponerande innslag på den store utescenen som var rigga midt i ein stor park.
Bilete frå ferda vår til Polen finn du under hovudlenka "Biletgalleri".

    Her vert det flott folkedans - og (truleg)  mykje action!                  

Three Mid Air backflips lg

Dette er ei dansegruppe frå USA som har jobba med NORSKE FOLKEDANSAR i mange tiår. Dei vart stifta i 1953! Då var namnet:
Stoughton High School Norwegian Dancers. 

1953 SHS Norwegian Dancers lg           
I juni skal dei ha framsyningar 5 ulike stader i Noreg.
Siste stopp er i Bergen - på FLØYEN 20. JUNI!
Klikk for 2015 NORWAY TOUR PERFORMANCE SHEDULE.

BergenUngdomslagEr10rTrykk  for PDF-plakat

PICT0429 leif egil ut2 mattTenk deg ein stor, tidlegare tyrefektararena på Asorene, midt uti Atlanteren, med sitjeplass til 5000 menneske. På sjølve arenaen er det bygd opp ein stor scene. På denne framfører eit titals ulike folkedansgrupper, frå heile verda, dansane sine. Den eine gruppa avløyser den andre, den eine meir fargerik og fengjande enn den andre, kastanjettar og svingande skjørt akkompanjert av kraftige gitarar vert avløyst av trommer og bastskjørt.
Strilaringen kjem også inn, ein kontrast til dei andre? Kanskje… inntil Leif Egil kjem inn på scena.
Han dansar springar med Jorunn. Med kraft, høge sprang, slag på tå og hel, smilet sitt, sjarmen, flørten og energien sin let han publikum få oppleva norsk folkedans på sitt beste. Og dei klappar, er betatt og begeistra. Me andre kjenner oss stolte over det som vert presentert!

Leif Egil har følgd Strilaringen sidan oppstarten i 1976. Han har tidvis vore fast instruktør, han har vore med oss med jamne og ujamne mellomrom for å førebu oss til ulike framsyningar til festivalar me har tatt del i. Han har hatt kurs med oss, følgt oss på turar rundt i verda, vore den kunstneriske leiaran vår, han har vore ein av oss.
Gjennom alle desse åra har dansegleda og songgleda hans smitta over på oss, det har vore pols, halling, springar og… tango. Det har vore tostemt og trestemt song, ikkje alltid like lett å få tonane til å sitja der dei skulle, heller ikkje appellane. Likevel, smilet, humoren og latteren sat alltid like laust.

Slik han gjorde det på Asorene i 2009 dansa han, under første heimefestivalen vår i 1979, springar på opningsforestillinga på Lindås. Han vart ”førsteside ” i Strilen sin Kalender året etter.
Slik dansa han også springar i mai i fjor, med Berit denne gongen, då me alle vart invitert til Strilatun til konsertprogrammet han hadde laga i samband med 60-års dagen. Også denne gongen med kraft, høge sprang, slag på tå og hel, smilet sitt, sjarmen, flørten og energien. Berre at denne gongen vart det ekstra sterkt å få oppleva norsk folkedans på sitt beste …

Heldige oss som fekk vera med Leif Egil og fekk ta del i energien, inspirasjonen, dansen, songen , kunstnaren og krafta.

Me lyser fred over Leif Egil sitt minne.

Video frå springaren Leif Egil dansa på Azorene i 2009.

Dansevener i Strilaringen.




Kva skjer?

16 jan 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
23 jan 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
30 jan 2023;
@19:00 - @21:00
ÅRSMØTE 2023
06 feb 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
13 feb 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
27 feb 2023;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
13 mar 2023;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
20 mar 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
27 mar 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD

Facebook


Webløsning ©2013-17 Web Norge