toppgrafikk

Uncategorised

image001
Denne hausten er det pangstart for Strilaringen!
Etter ein Øvingsdag i morgon (lørdag 13.august) - med finpussing av fleire dansprogram -  er det rett til Lefkas Internationale Folklore Festival i Hellas som byrjar 21. august.
Dette går for seg på øya Lefkada ved kysten nordvest for Aten.
Festivalen vart etablert i 1962 og har sidan då hatt meir enn 600 gjestegrupper frå 5 kontinent / 150 land.

Så er det særs stort for oss å feira at Stilaringen er 40 år!
Sjå eige oppslag om Jubileumsfesten 8. oktober (nedanfor↓ - denne nettstaden) og på
Facebook -arrangement.
Sidan 1976 har Strilaringen arrangert 7 internasjonale folkedansfestivalar i Nordhordland med gjestegrupper frå 14 ulike land i Europa. Opp gjennom åra har me delteke på 24 festivalar i Europa (i 19 land) og ein festival i USA. No står Hellas for tur - eit land Strilaringen ikkje har vitja før.                             

 festivalHellasBilete

 
  frå

 
  ein

 
  av

 
  festivalane

 
  på

 
  Lefkada

Meir info om Strilaringen/festivalar(heime/ute) + om Festivalen i Hellas ? : trykk på lenka under: "Les meir . . . . . . . ."

image001
8. oktober inviterer Dag Unnar Mongstad - leiaren vår - og dagens medlemar inn til stor fest for Strilaringen som fyller 40 år i det herrens år 2016! 

Festlokalet er - sjølvsagt! - Dalheim på Hundvin!
Opp gjennom åra - heilt frå 1976! - er det svært mange som har hatt ein eller fleire rollar i/for folkedansgruppa vår. Me tykkjer ei slik feiring er viktig og håpar at det vert folksamt - ja rett og slett trangt! - i ungdomshuset på Hundvin denne kvelden!

INFO om påmelding og program for JUBILEUMSFESTEN, finn du ved å trykkje på lenka nedanfor. Obs! Då det er begrensa med plassar, vert dette eit lukka arrangement. Ta gjerne med fylgje! !

https://www.facebook.com/events/1533404183633728/ 

image001

Oster
I år er det HANSADAGAR frå torsdag 9. juni til søndag 12. juni.
Lørdag 11. juni er det TORGDAG - dette året som ein del av Hansadagane.
Rundt Vågen vert det sikkert mykje folk, kanskje særleg på lørdagen!

Info om HANSADAGANE


Info om TORGDAGEN



Strilaringen stiller(som vanleg!) med salsbod på torget, med mykje godt på lur! I år skal me også dansa på sena attmed Mathallen - truleg før 13.00(?) Tidspunkt er ikkje bestemt endå.

Seinare på dagen - 17.00 - skal me ha ei framsyning på Fiskehjellen. Dette er i regi av Hansadagane.

11167683 819474734809455 1215062607529732596 n

 

   image001
Eit 
visdomsord!
Da trur no me, i

    S
    T
    R
    I
    L
    A
    R
    I
    N
    G
    E
    N!

 

Her er STRILARINGEN sin JUBILEUMSLOGO. Ein reknar 21.februar 1976 som stiftingsdato.  

image001

STRILARINGEN er derfor
40 år akkurat i dag!

Liv Furelid var primus motor i startfasen.
Allereie i 1977 reiste ringen på sin fyrste festival: Durham i England.
Dette vart ein stor suksess både for ringen og dansarane. 

På Krinsmøte, 9. juni 1977 på Hundvin, vart det vedteke å velja ei eiga nemnd til å drifta laget.
Desse vart valde: Svein Seljelid(leiar), Bjørg Seljelid og John Norleif Vaage.
Svein Seljelid var leiar i 5 år! Sidan har det vore 17 leiarar, nokre av dei i 2 periodar.


bilder112Dette biletet har nettansvarleg fått "låne" hjå nemnda som jobbar med å lage JUBILEUMSBOK. Kan ikkje seia noko om kvar og kortid det er "knipsa". Men, eg er viss på at nemnda har full kontroll!
Dato for JUBILEUMSFEST er sett til 8. oktober 2016. Eiga nemnd er sett ned for å førebu den store festen!

I jubileumsåret førebur me oss til endå ein festival. 
Dette året reiser me til Hellas, nærare bestemt til LEFKAS INTERNATIONAL FOLKDANCE FESTIVAL på øya Lefkada. Her har dei arrangert festivalar sidan 1960!

   Logo strilaringen alt1 arr. Danskveld mandag 18. januar 2016Logo strilaringen alt1
              Stad:  Ungdomshuset  Dalheim  på Hundvin      Tid: kl 19.00 - 21.00

                 Musikk  ved:    Lindås Trekkspelklubb

07 12 15 Dansekveld

Sjå kva avisa Strilen skriv om KULTURKVELDEN som Strilaringen laga til  i ungdomshuset Dalheim
på Hundvin søndag 25.oktober.

iplakat
Sjå bilete av gjestane våre:                                            Plakat(pdf)  KULTURKVELD (publ. 20.okt)
         ↓            ↓                                                            Plakat(pdf)  KULTURKVELD (publ. 11.okt) 

Minnar om  at BUL skal feira 10 års jubileum 16. til 18.oktober. Det byrjar å haste med påmeldinga, om du vil melda deg på KURS eller tinga billett til FESTMIDDAG og DANS på laurdagskvelden. Sjå også nettsida til BUL.




Kva skjer?

16 jan 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
23 jan 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
30 jan 2023;
@19:00 - @21:00
ÅRSMØTE 2023
06 feb 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
13 feb 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
27 feb 2023;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
13 mar 2023;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
20 mar 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
27 mar 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD

Facebook


Webløsning ©2013-17 Web Norge