På øvingskvelden, mandag 11. februar, hadde Strilaringen besøk av Jartru og Geir Reigstad frå Osterøy Spel- og Dansarlag. Dei kom for å læra Strilaringen dansen"Springar frå Osterøy". Me hadde det veldig kjekt - dei 2 øvingstimane var ferdig før me fekk sukk for oss. Jartru og Geir er særs flinke instruktørar/dansarar - sjå dei på YouTube.
Frå Wikipedia : "Springar er nemninga på eit særskild slag norsk folkedans eller bygdedans som vert dansa av par i 3/4-takt."
Full fart i ungdomshuset Dalheim på Hundvin då Strilaringen laga til DANSEKVELD mandag 27.november. Me hadde invitert Knarvik Gamaldanslag. Dei møtte med mange medlemmar - veldig bra!
Ein dag ringde Rune Brundtland til leiaren i Strilaringen - Eli Langendoen - og spurde om 4 sherpaer
og arbeidsleiaren deira fekk lov å koma på besøk på mandagsøvinga 30.oktober. Ho tok sjansen og svara ja!
I byrjinga verka dei fire ungdomane frå Nepal beskjedne. So fekk leiaren vår og arbeidsleiaren deira - Kjell Eirik Ormberg - lokka dei med på nokre enkle norske songdansar!
Kunne dei nokon folkedansar frå Nepal? Nei, men to av dei gjekk fram på golvet og sang for oss - og dansa til gjorde dei også!(biletet ovanfor)
I seinare tid - særleg då Strilaringen laga jubileumsbok i 2016 - vart mange bilete funne framatt og systematisert. Difor er me igang med å "tetta hol" i Biletgalleriet på nettsida vår. I 2014 hadde me eit omfattande samarbeid med den profesjonelle dansgruppa Slask frå Polen - 2 biletmapper. Desse og 2 andre "ferske" biletmapper finn du under valet "Biletgalleri" (2. hovudlenke frå venstre i hovudmenyen).
Dei "ferskaste" biletmappene er då:
*2017 Festival i Tsjekkia/Praha
*2016 Festival i Hellas/Lefkada
*2014 Strilaringen i Polen
*2014 Slask i Noreg
21 nov 2022; @19:00 - @21:00 ØVINGSKVELD |
28 nov 2022; @19:00 - @21:00 ØVINGSKVELD |
05 des 2022; @19:00 - @21:00 ØVINGSKVELD |
12 des 2022; @19:00 - @21:00 JULEAVSLUTNING |
16 jan 2023; @19:00 - @21:00 ØVINGSKVELD |
23 jan 2023; @19:00 - @21:00 ØVINGSKVELD |
30 jan 2023; @19:00 - @21:00 ÅRSMØTE 2023 |
06 feb 2023; @19:00 - @21:00 ØVINGSKVELD |