toppgrafikk

Etter det me har funne ut er det i tidlegare Hordaland fylke no 8 folkedansgrupper for vaksne, 8 barnegrupper og 3 ungdomsgrupper.
All honnør til dei som driv dette arbeidet!
Rekrutteringsarbeid er noko som også Strilaringen heile tida har fokus på, men så langt har me ikkje lukkast i å få ned gjennomsnittsalderen……

No er det snart sommar og me avsluttar sesongen med å dansa for 70 nederlandske sportsbil-entusiastar (Mazda MX-5 Club NL)som kjem til Bergen i slutten av juni.
Dette gler me oss til. Me gler oss også til å starta att til hausten.
Då er DU hjarteleg velkommen  til Hundvin, kl. 1900, kvar einaste måndag.
Og, du er like velkommen om du kjem åleine eller kjem i lag med ein dansepartnar.
Og hugs:
Kjem du, skal du  verta tatt vel imot og får opplæring etterkvart som dansane vert presenterte. Me kan dansane, og her er mange hjelparar.

For Styret
Oddfrid Hole




Kva skjer?

11 sep 2023;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
18 sep 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
25 sep 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD

Facebook


Webløsning ©2013-17 Web Norge