Atle hadde stor interesse for foto og film. Og han blei fort ringens faste foto- og film-mann. Han hadde alltid fotokamera eller filmkamera tilgjengeleg. Ofte stod han delvis skjult bak eit tre, eller delvis i skjult av andre ting, og filma når vi andre ikkje var oppmerksomme, og det blei mange blinkskudd. Alle desse klippa kom Strilaringen til gode. Mange turer i inn og utland er blitt dokumentert av Atle.
I 2016 var Strilaringen 40 år. I den anledning la Atle ned ein stor innsats både i utarbeiding av ei jubileumsbok og i ei festforestilling som markerte jubileet på ein svært fin måte. Vi har mykje å takke Atle for, og mange gode minner som vi vil ta godt vare på.
Atle har sett spor i Strilaringen, han vil bli sårt sakna.
Våre tankar går til Randi, Silje og Therese og deira familiar. Vi lyser fred over Atle sitt minne.
Frå vener og kollegaer i Strilaringen.