Ottar Netteland hadde fått med seg både Gro Vetås og Arve Berg. Det vart skikkeleg god lyd i felene og dei vel 40 frammøtte fekk verkeleg svinga seg. I pausen var det kaffi/noko å bita i - og sjølvsagt den gode drøsen!
Etter pausen måtte alle fram på dansegolvet. Liv Berit Vagstad(Strilaringen) lærte oss Håjevalsen. Deretter viste ein medlem i Knarvik Gamaldanslag ein Familiedans som me i Strilaringen ikkje kunne frå før!