toppgrafikk


-Høgdepunkta i 2016 stod nesten i kø. Me hadde ein veldig lærerik vår der me øvde inn eit litt annleis danseprogram enn vanleg. Me skulle bruka dette programmet både på festivalen i byen Lefkas i Hellas og på 40 årsjubileet vårt i oktober. Hellas-turen vart ein fantastisk danseferie. Me bada, sykla, sola oss og nytte ferielivet i Lefkas om dagen. Om kvelden gjekk me i parade gjennom den koselege vesle byen til ein flott utescene der me og folkedansarar frå heile verda hadde framsyningar. Festivalen føyer seg inn i rekkja av flotte festivalar med har delteke på.
I oktober var det klart for jubileumsfest der me hadde invitert alle gamle medlemmar, bygdefolk og ordførarar. Me hadde ei fantastisk framsyning! Det veksla mellom «historiske» filmklipp frå Strilaringen sine 40 år (vist på store skjermar på kvar side av scena) og Strilaringen som dansa tradisjonelle folkedansar og sangdansar. Godt frammøte og god stemning.

-Kva planar har de framover?
-I 2017 skal me delta på folklore festival i Praha siste del av juli. Sumaren 2018 har me tenkt oss til Island og m.a. vitja eit folkedanslag der. Dette har me nyleg byrja å planlegge.

-Er Strilaringen på festival kvart år, eller?
-Strilaringen reiser på festival nesten kvart år. Men me har også arrangert mange festivalar med gjestar frå mange land i Europa

-Er det ein av festivalane de har delteke på du vil trekkja spesielt fram?
-Då er det festivalen på Terseira(Azorene) i 2009 som er den eg først kjem på!
Det var eit spanande reisemål. Arrangementet var fantastisk, med paradar, sightseeing og framsyningar på ein tyrefektar-arena med tusenvis av tilskodarar.

-Kva tenkjer du om Strilaringen og framtida?
-Me som dansar i Strilaringen kan ikkje forstå at ikkje fleire vil vera med oss! Det er god trim, ein fantastisk vennegjeng og me opplever mykje spanande gjennom dansen. Om ikkje me får nye og yngre dansarar med oss, er det vel fare for at heile Strilaringen går av med pensjon om nokre år.

Kontaktinfo/Strilaringen





 

 

 




Kva skjer?

man sep 23 @19:00 - 09:00PM
Øvingskveld
man sep 30 @19:00 - 09:00PM
ØVINGSKVELD
man okt 07 @19:00 - 09:00PM
Øvingskveld
man okt 14 @19:00 - 09:00PM
DANSEKVELD med RADØYBÆLJEN

Facebook


Webløsning ©2013-17 Web Norge