Framfor større framføringar/festivalar i dei siste åra har Endre Kleiveland vore ein viktig person for Strilaringen - eit supert val av programnemnda å engasjere og samarbeide med Endre - i høve til inspirasjon, ide, val av dansar og regien på framføringar. Såleis også med jubileumsframsyninga! Då han - på vårseminaret på Glesvær, ei helg i mars 2016 - presenterte ei grovskisse / regi for jubileumsframsyninga, var det nok fleire av oss som stussa . . . m.a. at dansarane skulle sitja på scena medan bilete- og videosekvensane skulle "rulla" på 2 store skjermar? Men, det synte seg at han visste kva han haldt på med! Det vart om lag ein times framøring. Folket i salen fylgde godt med, applauderte og koste seg! "Skjermsekvensane" vart spanande - det handla jo om (mange av) dei som sat i salen. Brått kunne ein sjå seg sjølv på storskjermane!
Heidi Vabø, vår faste instruktør sidan hausten 2015, har leia alle øvingane, både fram mot ulike framsyningar på festivalen i Hellas aug/sep 2016 og "finsliping" av jubileumsframsyninga. Dess meir me øvde, dess tryggare vart me på at dette ville verta max bra!
Ein tredje person som betydde mykje for Jubileumsframsyninga er Atle Utkilen - aktiv dansar i Strilaringen. Han fekk hovudansvaret for å leite fram aktuelle bilete og videoar og sette saman dei 4 media sekvensane som skulle "innbakast" i Jubileumsframsyninga. Denne oppgåva løyste han på ein utmerka måte!