Mange av dansane me skal øva på dei neste vekene, er det lenge sidan Strilaringen har hatt "framme". Difor vil fleire av dagens medlemmar i denne perioden "møta" dansar dei aldri har prøvd seg på tidlegare!
Anten du er ein røynd dansar eller ikkje - dette er eit godt høve til å finna ut om folkedans er interessant for deg.
Du er velkomen, anten du kjem aleine eller saman med ein partnar!
Me har det kjekt i lag - kom då vel!