Tenk deg ein stor, tidlegare tyrefektararena på Asorene, midt uti Atlanteren, med sitjeplass til 5000 menneske. På sjølve arenaen er det bygd opp ein stor scene. På denne framfører eit titals ulike folkedansgrupper, frå heile verda, dansane sine. Den eine gruppa avløyser den andre, den eine meir fargerik og fengjande enn den andre, kastanjettar og svingande skjørt akkompanjert av kraftige gitarar vert avløyst av trommer og bastskjørt.
Strilaringen kjem også inn, ein kontrast til dei andre? Kanskje… inntil Leif Egil kjem inn på scena.
Han dansar springar med Jorunn. Med kraft, høge sprang, slag på tå og hel, smilet sitt, sjarmen, flørten og energien sin let han publikum få oppleva norsk folkedans på sitt beste. Og dei klappar, er betatt og begeistra. Me andre kjenner oss stolte over det som vert presentert!
Leif Egil har følgd Strilaringen sidan oppstarten i 1976. Han har tidvis vore fast instruktør, han har vore med oss med jamne og ujamne mellomrom for å førebu oss til ulike framsyningar til festivalar me har tatt del i. Han har hatt kurs med oss, følgt oss på turar rundt i verda, vore den kunstneriske leiaran vår, han har vore ein av oss.
Gjennom alle desse åra har dansegleda og songgleda hans smitta over på oss, det har vore pols, halling, springar og… tango. Det har vore tostemt og trestemt song, ikkje alltid like lett å få tonane til å sitja der dei skulle, heller ikkje appellane. Likevel, smilet, humoren og latteren sat alltid like laust.
Slik han gjorde det på Asorene i 2009 dansa han, under første heimefestivalen vår i 1979, springar på opningsforestillinga på Lindås. Han vart ”førsteside ” i Strilen sin Kalender året etter.
Slik dansa han også springar i mai i fjor, med Berit denne gongen, då me alle vart invitert til Strilatun til konsertprogrammet han hadde laga i samband med 60-års dagen. Også denne gongen med kraft, høge sprang, slag på tå og hel, smilet sitt, sjarmen, flørten og energien. Berre at denne gongen vart det ekstra sterkt å få oppleva norsk folkedans på sitt beste …
Heldige oss som fekk vera med Leif Egil og fekk ta del i energien, inspirasjonen, dansen, songen , kunstnaren og krafta.
Me lyser fred over Leif Egil sitt minne.
Video frå springaren Leif Egil dansa på Azorene i 2009.
Dansevener i Strilaringen.