Kvar av oss baud opp ein av dei unge i salen. Det vart mange på golvet - ein stor ring! Det er naturleg å prata litt med den ein byr opp, m.a. forklara dansetrinn og turar. Det måtte (stort sett) gå for seg på engelsk, då det var studentar frå "heile verda". Mykje lott og løye og utruleg kjekt, både for oss og unge internasjonale studentar! Stemninga kunne ikkje tolkast på nokon annan måte!
Då me skulle reisa, ville dei norske arrangørane ha gruppebilete av oss ute i gangen. Nokre i salen oppdaga dette, og ville "ha oss" på sine mobilar! Fleire kom ilande til - me måtte faktisk stå oppstilt ei god stund - mykje blitzing! ♣