toppgrafikk

- Har du vore aktiv i Strilaringen heilt sidan 1977?
- Nei, eg slutta tidleg på 80-talet av ulike grunnar. Konemor og eg prøvde nokre gongar å starta oppatt med dansinga, men parallelt med ungar som deltok på fritidsaktivitetar fekk me ikkje dette til å gå opp før i 2003, etter ca 20 års pause.

- Kva vil du trekkja fram som største ”prosjektet” etter at du vart leiar i januar 2013?
- Eg er ikkje i tvil, største oppgåva me har hatt siste åra er Polen-prosjektet, altså EØS samarbeidsprosjektet med Slask. Dersom me hadde skjønt kor stor Slask var då me fekk førespurnad, tvilar eg på at me hadde gått inn som partnar. I ettertid er eg glad me ikkje visste; då hadde me ikkje turd å påta oss dette. Med vårt medlemstal er det fantastisk at me kunne gjennomføra prosjektet, noko som syner at me har utruleg resurssterke medlemar i ringen.

- Kva er planane for 2015 -  2016?
- 2015 er planlagd som eit ”kvileår”. Me reiser på vitjing til Slask(i Polen) i slutten av juni og deltar på «Slask-dagane» ei langhelg. Me skal delta med ei framsyning. No har me imidlertid fått førespurdnadar om fleire framsyningar i Bergen. 18. februar skal me dansa for og med internasjonale studentar på Fantoft. I løpet av sumarmånadane har me vorte bedne om å ta 6 oppdrag med dansing for amerikanske turistar på Lyststedet Bellevue i Bergen. Til hausten skal me avvikla ein kulturkveld.
2016 har me berre starta å tenkja på, då skal me markera 40 års-jubileum. Dette ynskjer me å gjennomføra slik at det vert lagt merke til i lokalmiljøa våre!

- Kva tenkjer du om Strilaringen og framtida?
- For to år sidan starta styret ein intern debatt me kalla: «Strilaringen, styrt avvikling eller ein ny vår?» Me ser at så lenge gjennomsnittsalderen stig, har me ei krevande utfordring. Det vert viktig å finna rette tiltak som kan føra til nyrekruttering. Me skulle fått tak i ungdomar, men eg trur me i fyrste omgang har større sjansar dersom me når ei mellomgruppa 30 år+.
Utfordringa/spørsmåla  vert:
*Korleis kan me få med danseglade personar, par eller grupper? 
*Korleis finna attende til dansen som sosial samværsform? 
*Er det noko som gjerast slik at "barrieren" for å oppsøkja Strilaringen kan senkast? 
Dette er viktige spørsmål, også for mange andre nasjonar som misunner oss for at me framleis har ein levande folkedanstradisjon.   ♣

                                                                                 




Kva skjer?

11 sep 2023;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
18 sep 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
25 sep 2023;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD

Facebook


Webløsning ©2013-17 Web Norge