Dans
I ein kveld fullstappa med mykje god dansemusikk vert det høve til å kunne svinga seg rundt på golvet i ein heftig dans. Berre hugs å stilla med godt utstyr som dansesko og ei ekstra skjorte eller to.
Fotskatt: 50,-
Spel
Spelmennene driv stafett gjennom heile kvelden. Det er ope for fleire spenstige gruppesamansettingangar og artige arrangement. Påmelding innan 12. januar.
Spelekvote/fotskatt: 50,- (friviljug)
Kafé
Om ein skal dansa og spela ein kveld til endes, krev det påfylling av energi. Det får ein i kafeen. Her vert sal av forfriskingar heile kvelden.
Lodd
Med fotskatten følgjer det eit lodd. Utpå kvelden blir det trekt ut nokre heldige vinnarar, som får med ein liten premie heim.
Påmelding, spørsmål eller anna kan rettast til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. / 55137446 eller ein i Folkedanslaget