toppgrafikk

Prosjektet er gjort mogeleg gjennom det internasjonale kultursamarbeidet ved hjelp av EØS- midlar/EEA Grants. Det er Norsk Kulturråd som har lagt tilrette for samarbeidsprogrammet mellom EØS-land og ein del EU- land bl.a Polen.strilaringen fellse ir

Hausten 2012 var Strilaringen kontakta av Śląsk Song and Dance Ensemble om eit samarbeid. Det vart sendt inn ein felles søknad til kulturdepartementet i Polen. Den 15.februar 2013 fekk vi gratulasjon frå Norsk Kulturråd om at Kulturdepartementet i Polen hadde innvilga søknaden.

Strilaringen er stolt og audmjuk over å få lov til å vera med på eit så stort og krevjande prosjekt.

Etter at vi fekk positivt svar, har laget lagt ned mykje arbeid med å planleggja prosjektet og å øva inn eit 45 -minuttar langt program som skal visa mangfalde av norsk folkedans. Śląsk har øvd inn eit tilsvarande program på 60 minuttar over Polsk folkedans.

Det nærmar seg no tidspunktet då vi skal vise programmet for publikum. Alt i veke 22 ( 25.mai - 1. juni) reiser Strilaringen til Polen med 29 dansarar, 3 spelemenn/tauser og instruktøren vår Endre Kleiveland. Vi skal gjennomføra eit program som er samansett av bygde-, rund-, rekke- og song- dans samt lydarslåttar. I Polen skal vi ha 3 framsyningar. Vi skal har kurs/"workshop" der polakkar skal lære norske folkedansar. I tillegg skal det utarbeidast materiale på DVD som skal nyttast i undervisning i folkedans.

springar LB bh

PLANLAGTE FRAMSYNINGAR
I Polen:
Programmet i Polen er ferdig planlagt:
26.05 Zabrze Teatr Nowy ul. Plac Teatralny 1 1s00
27. 05 OS Czstochowa Filharmonia
28.05 Koszcin Pawilon im.lw iry Kaminskiej
29.05 Koszcin Pawilon im Elwiry Kam
I Noreg
Śląsk kjem til Noreg i veke 34 og 35. Då vert det 6-7 framsyningar på ulike stadar både i Sogn og Fjordane og i Hordaland. Så langt er det planlagt framsyningar i Førde, Voss, Frekhaug, Fjell, Bergen og i Sundhordland. Nærmare om stad og tidspunkt vert sendt ut litt seinare.

 




Kva skjer?

14 okt 2019;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
21 okt 2019;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
28 okt 2019;
@19:00 - @21:00
Øvingskveld
04 nov 2019;
@19:00 - @21:00
ØVINGSKVELD
11 nov 2019;
@19:00 - @21:00
DANSEKVELD i KNARVIK m/Radøybæljen
18 nov 2019;
@17:30 -
FRAMSYNING på Ostertunet

Facebook


Webløsning ©2013-17 Web Norge