toppgrafikk

Slask strilaringen plakat2 bilde

Då nærmar det seg avreise til Polen og første veke saman med Slask.

Strilaringen skal saman med "Det nasjonale Song og Dans ensamblet -  Slask" frå Polen ha eit kulturutvekslingsprosjekt. Prosjektet er eit EØS- prosjekt støtta av Norsk Kulturråd. Føremålet med prosjektet er å fremja mangfald i kunst og kultur og fremja kulturell dialog og styrka samarbeidet mellom Noreg og Polen.

Den praktiske gjennomføringa av prosjektet består av at me skal vitja kvarander i løpet av 2014. Strilaringen reiser til Polen mellom 25.mai og 01. juni. I Polen skal me saman med «SLASK» gjennomføra 3 framsyningar og me skal ha 2 «work-shoppar» der me lærer dansar av kvarandre.

17. august kjem «SLASK» til oss og vert i 10 dagar.  I løpet av denne perioden skal me avvikla 7 framsyningar ( Det vert framsyningar i Bergen, Førde, Voss, Nordhordland, Fjell og Stord). Nærmare info vert lagt ut.




Kva skjer?

Ingen hendelser

Facebook


Webløsning ©2013-17 Web Norge